Tjuveriet blir sett som grovt særleg fordi det er lagt vekt på at gjenstandane var av stor verdi.
Tjuveriet blir sett som grovt særleg fordi det er lagt vekt på at gjenstandane var av stor verdi.

Dømt for innføring, bruk og oppbevaring av dopingmiddel og narkotika

Tidlegare i år fann politiet ei rekkje dopingmiddel, heroin og cannabis heime hos ein mann i 40-åra. No er mannen dømt til fengsel.

I januar i år skal mannen i 40-åra ha innført 550 tablettar via post frå Singapore til Noreg. Alle verkestoffa står på dopinglista. I februar skal sikta ha innført 1000 tablettar og 70 knekkampullar. Alle verkestoffa står på dopinglista. I mars gjekk politiet til ransaking på adressa til mannen og i bilen hans. Då skal dei ha funne totalt 141 dagsdosar eller minst 5420 milligram verkestoff dopingmidlar:

* 20 tablettar Reduce inneholdende verkestoffet sibutramine (400 mg).

Artikkelen held fram under annonsen.

* 76 tablettar Turinox inneholdende verkestoffet turinabol (760 mg).

* 22 tablettar inneholdende verkestoffet stanozolol (220 mg).

* 4 tablettar Turinox inneholdende verkestoffet turinabol (40 mg).

* 2 tablettar CLEN inneholdende verkestoffet clenbuterol (80 nanogram).

* 200 tablettar Starlabs inneholdende verkestoffet dianabol (2000 mg).

* 1 glas Trenbolone inneholdende 10 ml verkestoffet trebolone (2000 mg).

På same tid og stad fann politiet 14,56 gram cannabis sativa, 1,37 gram heroin, åtte gram hasj, 6 gram marihuana og sju tablettar Rivotril, som inneheld det narkotiske verkestoffet klonazepam.

Tilstod i retten

Mannen blei tiltalt for fleire brot på legemiddellova og brot på straffelova og våpenlova – då politiet fann ein teleskopbatong og eit knokejarn heime hos mannen. I retten tilstod mannen og samtykka til at dom blei avgjort som tilståingsdom. Retten fann det formildande at tiltalte tilstod og at han under ransakinga sjølv viste politiet kor marihuanaen låg. Retten kom fram til at 28 dagar vilkårslaus fengsel er ei passande straff. Domfelte tok betenkingstid.