Elevane frå Hegglandsdalen barneskule, Søre Øyane barneskule og Strøno barneskule koste seg stort på Øvreeide Gard tysdag.
Elevane frå Hegglandsdalen barneskule, Søre Øyane barneskule og Strøno barneskule koste seg stort på Øvreeide Gard tysdag.

Draumedag på Øvreeide Gard

Det vart besøksrekord på Øvreeide Gard då 260 elevar fekk kosa seg der heile tysdagen.

Øvreeide Gard:

Som belønning for flott innsats under Oseana-framsyninga «Barn av regnbuen», fekk samtlege elevar ved Hegglandsdalen barneskule, Søre Øyane barneskule og Strøno barneskule ein heil draumedag på Øvreeide Gard i Hegglandsdalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei tre skulane hadde sidan august i fjor samarbeidd om eit stort kulturprosjekt. Nyleg stod dei saman på scenen i Oseana og song, dansa og spelte for full sal.

Full aktivitet

Tysdag var det altså tid for belønning, og for ei belønning det vart. I strålande vêr fekk elevane verkeleg utfalda seg på det flotte anlegget til Tore Øvreeide og familien.

Her var det pilkast, bil- og bogeskyting, riding på hest, kappkøyring med store traktor-trøbilar, balanseøvingar, fjellklatring, dyrestell, kanopadling og mykje anna.

Det var ikkje mykje tvil om at elevane sette pris på belønninga og opplevinga.