annonse

Draumefeiring på «nye» Øyro

Kongeleg plassering
Kongeleg plassering: Familiene Vernøy og Hjelle var tidleg ute med å finna standsmessig plass på taket av Havnechefen. (Foto: )
Nye form for ballongdansen
Nye form for ballongdansen: Vesle Vegard tok jobben for pappa Henning med å vera levande ballongdansar. Lilleballong-familien hadde jobba til klokka 04.00 natt til 17. mai for å førebu seg til den store dagen. (Foto: )
Dachs for 17. mai-feiring
Dachs for 17. mai-feiring: Å så var det dachs for å gå i tog. Siljes to små, firbeinte var klare. (Foto: )
Den svarte steinen
Den svarte steinen: 85 år gamle Alvin Aspevik fann seg godt til rette på Os sitt svar på Den blå steinen i Bergen. (Foto: )
Bunadsfamilie
Bunadsfamilie: Familien Lothe Våge er godt kledd opp i bunad frå Hardangar. Med til historia høyrer det at dei to siste i gjengen også hadde bunad, men at dei var opptekne med toget då Os og Fusaposten tok bilete. (Foto: )
Første feiring i Os
Første feiring i Os: Espen Gjertsen (t.v) feira 17. mai i Os for første gong. Tilflyttaren er frå Haugsdalen og har tidlegare feira på Samdalen skule. (Foto: )
Biletbonanza
Biletbonanza: Os og Fusaposten er ikkje dei einaste som er utstyrte med foto og videokamera på ein dag som denne. (Foto: )
Sommarleg stemning
Sommarleg stemning: Det var noko kontinentalt og sydleg over Os onsdag. Her er Helle og Julie som leikar seg med den flotte vassfontena på torget. (Foto: )
Go live
Go live: Filming, sending, foto. Folk tek opp og får det meste med seg. Denne kvinna nytta like godt ipaden sin for å få gode filmopptak av russen. (Foto: )
Gliste i gliset
Gliste i gliset: Linda Andersen og resten av gjengen i Os Amcarklubb køyrde skinnande glis i toget. (Foto: )
Herleg frukost
Herleg frukost: Ole Reinert Berg-Olsen, kona Kari og vesle Ferdinand unna seg ein god frukost på «taket» av Osøyro. (Foto: )
Klar for tog
Klar for tog: Os Skulekorps gjorde seg klar for prosesjon. (Foto: )
Standhaftig kor
Standhaftig kor: Os Mannskor gledde som vanleg tilhøyrarane kring Minneparken med Gud signe vårt dyre fedreland. (Foto: )
Lang blå marsj
Lang blå marsj: Rødrussen blåste ein lang marsj i at fløyta dei spelte på var blå. (Foto: )
Godt tekne imot
Godt tekne imot: Tidlegare askøyværing Torstein Skårnes heldt talen i Minneparken. Den tilflytta osingen skrytte mellom anna om kor godt han var teken imot her i bygda. (Foto: )
To gode hjelparar
To gode hjelparar: Underteikna sin jobb går alltid litt lettare med to trufaste hjelparar. (Foto: )

Med nye uterestaurantar, nyoppussa sentrumsgolv og strålande sol frå knallblå himmel vart det ei aldeles strålande 17. mai-feiring i Os onsdag.

Osøyro:

Alt frå tidleg morgon var det fylt til randen på den nyopna takterrassen til Havnechefen i sentrum. Like bortanfor hadde dei det meir enn travelt nok med å servera frokost på Engeline og Hannes Konditori og Musikkbar.

Kongeleg utstikt

Og dei som var så heldige å ha fått seg bord på uterestaurantane såg ikkje mykje grunn til å flytta på seg for å sjå toget. Både frå den nye uterestauranten i Brugata og frå taket på Havnechefen var det kongeleg utsikt til det forbipasserande toget.

Innvia paradegata

I høve opprustinga av Bygdraget gjekk årets tog for første gong tilbake gjennom Brugata og ned Bydraget før det enda opp på Kyrkjeflaten.

Langs med den nye paradegata i Os var det stappfullt av festkledde osingar. Med hus på kvar side gav det også rikeleg med god akustikk, slik at korpsmusikken til Os Musikkforening verkeleg nådde fram til dei bakre rekkjer.

Etterpå heldt feiringa fram på Kyrkjeflaten med underhaldning frå syngjande og taleføre skuleelevar, gode musikarar og strålande poetar. Årets hovudtale vart halden av kultursjef i Fusa og tidlegare osing, Erik Vangsnes.

Vangsnes tala mellom anna om likskapane mellom Os og Fusa, og at den komande samanslåinga bør møtast med glede.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no













Klikk for å sjå kommentarar ()