annonse

Drikkevatnet friskmeldt

Treng ikkje lenger å koka vatnet
Treng ikkje lenger å koka vatnet: Dei siste dagane har abonnentar som får vatn frå høgdebassenget på Bjørnen måtta koka vatnet. No er kokevarselet oppheva. (Foto: Illustrasjon, Os kommune)

To prøver, tekne med 24 timars mellomrom, syner at drikkevatnet frå høgdebassenget på Bjørnen ikkje er forureina.

Camilla Kvamme

Dermed vert kokevarselet oppheva, går det fram av ei melding på Os kommune si nettside.

Onsdag vart det sendt ut kokevarsel til abonnentar som får vatn frå høgdebassenget på Bjørnen av di rutinemessige vassprøver synte indikasjonar på forureining. No er altså vatnet friskmeldt, og dei som var råka har fått beskjed om at dei trygt kan bruka vatnet att.

camilla.kvamme@osogfusa.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut