Ole Petter Matthiessen, kona Turid Winnberg og borna gler seg til å flytta frå regntunge Os og til sydlege strauk i Italia.
Ole Petter Matthiessen, kona Turid Winnberg og borna gler seg til å flytta frå regntunge Os og til sydlege strauk i Italia.

Drittlei drittvêr – Sel huset og flyttar til Syd-Italia

Ole Petter Matthiessen og kona Turid Winnberg har sett seg lei av drittvêret på Vestlandet. No flyttar dei til Syd-Italia.

Det var mange som responderte med måpande emojis då Ole Petter og kona linka prospektet på huset sitt på Facebook denne veka. Etter at Ole Petter kom til Os i 1997 har han fått ein stor veneskare og svært mange kjente i bygda. At han no vel å flytta ut av kommunen kom for mange som ei overrasking. At han også skulle ut av landet var sjølvsagt endå meir overraskande.

– Me har berre eitt liv. Det gjeld å gjera det ein ønskjer, ikkje sitja stille og gro fast i gamle rutinar, seier fembornsfaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

No sel han og Turid huset sitt i Borgavegen og set kursen mot sydlegare strauk.

– Det er noko me har tenkt på i lang tid. Men ikkje vågd å gjera noka med, før no. Rett ut sagt er me lei av å sjå på gradestokken i dette klimaet her. Me ønskjer å sjå to tal, ikkje eitt, humrar 44-åringen.

– Det er berre å sjå på vêret i dag. Er det ikkje liksom midtsommer, spør Turid, retorisk.

I Os er Ole Petter kjent som surfar, triathlon-utøvar og standhaftig Njimegen-marsj-deltakar. I juli går han sin 22. marsj i Nederland.
I Os er Ole Petter kjent som surfar, triathlon-utøvar og standhaftig Njimegen-marsj-deltakar. I juli går han sin 22. marsj i Nederland.
Kine, Ole Petter, Turid, Kaia og Olena framme.
Kine, Ole Petter, Turid, Kaia og Olena framme.

Ho er opprinneleg frå Nord-Trøndelag. Sjølv der er det langt betre ver enn det me har på Vestlandet.

Travel og aktiv sommar

Ole Petter vaks opp på Søreide i Fana, men har budd i Os sidan 1997. Gjennom lokale medium er han kjent for å vera standhaftig Njimegen-marsj-deltakar, vindsurfar og ein svært konkurransesterk triathlon-utøvar.

– Blir det Njimegen-marsj også i sommar, eller?

– Jaudå. Tredje veka i juli skal eg fullføra min 22. marsj. Nokre tradisjonar må me jo halda liv i, smiler han.

Neste helg står han på startstreken i Ironman i Haugesund 70,3.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sykkelen er finpussa og klar. Det håpar eg sjølv også å vera, ler han.

Utover sommaren vert det å pakka for harde livet, få sendt deler av flyttelasset på lager, medan resten vert køyrd nokre hundre mil sydover. Flyttinga startar i august.

– Det blir Ole Petter som tek flyttejobben. Me fyllar opp ein varebil som han køyrar nedover. Sjølv kjem me etter på neste tur, fortel Turid.

Perfekt plass på Vestkysten

Ole Petter har hatt det kjekt i bygda, men flyktar altså no til varmare strauk. At det ikkje er gått ein einaste dag av juni månad utan regn, har ikkje akkurat fått han og familien til å stussa på avgjerda.

– Me har bestemt oss og angrar ikkje på det. Huset er til sals og leiligheiten i Italia er i boks. Etter planen blir me i Italia i eitt år, fortel han.

– Kvar går turen?

– Me har leigd ein leiligheit i feriebyen Terracina på Vestkysten av «leggen» til Italia.

– Noko grunn til at de valde nett denne plassen?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Turid har budd i Italia tidlegare og ville veldig gjerne dit. Elles var me opptekne av å finna ein plass der det var kort veg til direktefly til Bergen. Valet fall på ein by kalla Terracina, kring 10 mil sør for Roma, forklarar Ole Petter.

– Dette er ein idyllisk ferieby som ligg like ved ein lang strand. Me var på sonderingstur der i påsken. Det var kjempekoseleg, supplerer Turid.

Klar for "oljependling"

Både Ole Petter og Turid jobber i oljebransjen. Medan Turid tek permisjon det komande året, skal Ole Petter pendla til og frå oljejobben her heime.

– Det kjem til å gå heilt greitt. Eg er van med å reisa, så det skal eg overleva.

– Korleis blir livet i Italia då?

– Det blir herleg. Det er berre å gå inn og google byen. Det er verkeleg flott. Me skal bu i husrekka like bak den 3 km lange stranden.  Dermed får eg kort veg når eg skal ut å surfa, seier Ole Petter, som alt har pakka klar alle bretta sine.

Byen har 40.000 innbyggjarar, mange restauranter og eit fint parkanlegg like ved leiligheiten dei skal bu i.

– Det blir eitt år med kjensle av å vera på ferie, samstemmer ekteparet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lånar ut hytta

Med seg på flyttelasset tek dei eldstedottera Olea på sju og tvillingparet Kine og Kaia på tre. Ole Petter har også to døtre frå eit tidlegare forhald. Dei kan koma på besøk.

– Dei er blitt 17 og 19 år, så dei har sitt eiga liv her heime i Os, men det er klart. Eg vil gjerne ha dei på besøk – om dei finn tid til det, då, seier han.

Hytta som han dei har på Kvamskogen blir ikkje ståande ubrukt til vinteren.

– Eg har ein kompis som køyrde meg mykje rundt då eg var ung og glad i ein tur på byen. Han har gjort seg fortent til å låna hytta. Det skulle berre mangla, ler han.

Eldstejenta byrjar i 3. klasse til hausten. I den italienske kystbyen blir det vanleg italiensk skule.

– Det blir ein utfordring, men me har alt trena litt på Italiensk. Born lærar språk fort. Me får håpa Olea også gjer det, seier Turid.

Vidare til Trondheim

– De seier at de truleg berre blir eitt år i Italia. Kva skjer etter det no når de sel huset her i Os?

– Då ber det mest sannsynleg til Trøndelag der Turid kjem frå. Ho har lenge hatt lyst til å flytta heim, seier Ole Petter.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Så då er Os-kapitellet ditt truleg over for godt?

– Det kan sjå slik ut. Eg har hatt det fint, og det er ikkje noko vemodig med det. Livet går vidare og nye eventyr venter rundt neste sving, seier eventyraren.

– Men om de trivst veldig godt i Italia då?

– Ja, då blir me kanskje lenger. Eg har ei kjenning som skulle heim igjen etter eitt år. Ho vart der i to, seier Turid.