(Alle
(Alle

Drog på telttur i stormen

2. klassingane på Lysekloster skule og foreldra deira fekk seg ei oppleving litt utanom det vanlege i helga.

- Meteorologen på NRK hadde så mange obs-varsel for helga at ho ikkje klarte å bli ferdig med dei. Men me gjennomførte som planlagt, smiler initiativtakar Andrè Marton Pedersen.

Den planlagte overnattingsturen til Ervikane var foreldra sikre på at skulle bli avlyst grunna vêret, men det var ikkje aktuelt for friluftsentusiast, Marton Pedersen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Då me kom til Ervikane var det fleire som sa at då dei fekk tekstmeldingar, eller telefonoppringingar fredag kveld, så var dei sikre på at det var eg som skulle fortelja at turen var avlyst. Det var det ikkje, ler Marton Pedersen.

Første utandørs vinterovernatting

I tur-følgje var det ikkje alle som hadde overnatta ute på vinterstid før. Marton Pedersen ønskte å visa at slike turar ikkje berre er overkomelege, men at dei også kan vera veldig gøy.

- Eg er sikker på at det var fleire på turen som kjente på ei god meistringskjensle. Det er krevjande å gjennomføra ein slik tur. Ein ting er om det er vinter og minusgradar. Då er det i alle fall tørt. Me hadde nokre plussgradar, men alt blei dyvått. Det er tøft at så mange valte å vera med, seier han.

Ny tur i sommar

34 born og vaksne fordelt på 14 familiar tok del i turen. Det var ikkje alle som hadde høve til å overnatta, men heile 21 personer fekk oppleva ei stormfull natt i Ervikane.

- Vêret ser alltid verst ut om ein står inne og ser ut. Når ein først er ute, er det ikkje så gale. Borna kosa seg, og løp rundt og herja. Dei var veldig aktive, så dei kraup til sengs i 19-tida, seier Marton Pedersen og legg til:

- Ein av foreldra fortalte meg om morgonen at sonen hadde krope inn i soveposen og sagt: Ahhhhhh, dette er livet.

Det er tydeleg at teltturen gav meirsmak. Før dei hadde kome seg heim att, var gjengen i gong med å planlegga neste tur.

- To turar i året har me snakka om. Men neste tur blir til våren. Så har me ein vinter-, og ein sommar-tur. Då ser me føre oss å reisa ut til ei av øyane i Os. Det blir bra, seier Marton Pedersen.