Ordførar Marie Lunde Bruarøy hadde med seg ein sjekk på 75.000 kroner frå Os kommune. – Vi ønskjer å visa vår entusiasme, og ønskja deg lukke til på ferda, sa ho.
Ordførar Marie Lunde Bruarøy hadde med seg ein sjekk på 75.000 kroner frå Os kommune. – Vi ønskjer å visa vår entusiasme, og ønskja deg lukke til på ferda, sa ho.

– Du er eit førebilete

– Du har vist at det er mogleg å setja seg eit mål, og klara det. Du er eit førebilete for dei som er yngre enn deg. Dei treng nokre lokale talent å sjå opp til.

Det sa ordførar i Os, Marie Lunde Bruarøy til Sverre Lunde Pedersen før ho overrekte skøyteløparen ein sjekk på 75.000 kroner.

Fredag kveld var det Os kommune sin tur til å heidra 25-åringen som ikkje berre kan smykka seg med gull og bronse frå OL i Pyeongchang, men også eit sølv frå VM, etter årets sesong.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er heilt på sin plass å invitera til fest, meinte ordføraren.

I Griegsamlinga i Oseana kunst- og kultursenter hadde kommunen invitert Sverre, familien og kompisane hans til høgtideleg markering.

Bruarøy sa at Os kommune er utruleg stolt over Sverre Lunde Pedersen. Ho nytta også høvet til å fortelja at når Os og Fusa slår seg saman til Bjørnafjorden kommune, har kommunen med knappe 25.000 innbyggjarar, OL-medaljørar i tre ulike greiner: Skiskyting, kappgang og skeiser.

Markeringa fann stad i Griegsamlinga i Oseana.
Markeringa fann stad i Griegsamlinga i Oseana.
Sverre Lunde Pedersen hadde invitert med seg familien og kompisane til markeringa i Oseana kunst- og kultursenter.
Sverre Lunde Pedersen hadde invitert med seg familien og kompisane til markeringa i Oseana kunst- og kultursenter.

– At ein har klart å produsera så mykje sportsleg talent at det er mogleg å hevda seg i verdssportar som dette, står det stor respekt av, sa ordføraren.

Forrykande lagspel

I midten av mars hjelpte Sverre Lunde Pedersen kompisen Håvard Holmefjord Lorentzen til siger i verdscupen samanlagt. I den samanheng skreiv BA ein sak om at førstnemnte hadde sendt eit Vipps-krav til Lorentzen på 75.000 kroner

– Snakk om lagspel. I ein landsdel der det knapt nok er frost, klarer de likevel å verta OL- og VM-meistrar, sa ordføraren.

Bruarøy tvilte på at Vipps-kravet var innfridd, og ønskte difor å overrekkja tilsvarande sum frå Os kommune, som eit lukke til på ferda.

– Du har jo berre så vidt starta karrieren. Du har mange herrens år framføre deg til å ”rula” på isen, påpeika ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det håpar eg også, sa hovudpersonen sjølv i takketalen til kommunen.

– Eg set utruleg stor pris på både markeringa og pengane. Sjølv om eg ikkje bur i Os lenger, har eg sterke band til kommunen, og det betyr mykje for meg at eg får hjelp til satsinga mi, sa Pedersen.

– Uansett kvar du bur, vil du alltid vera osing, påpeika kulturleiar Lisbeth Axelsen.