Os og Fusa skal verta ein kommune. Dette krev betre samband mellom dei noverande kommunane.
Os og Fusa skal verta ein kommune. Dette krev betre samband mellom dei noverande kommunane.

E134 og E39 bør vurderast på ny

Sidan midtre trase for Hordfast vart vedteken har det kome endringar som gjer at trasevalet bør vurderast på nytt, meiner Jan Gaassand (Sp).

1. Os og Fusa skal verta ein kommune. Dette krev betre samband mellom dei noverande kommunane.

2. E134 med arm frå Odda mot Bergen. Dette gjev ein stor samfunnsmessig gevinst til E134. Gevinsten vert endå større om E39 vert bygd etter indre trase.

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Med «Hordalandsdiagonalen» får me 2-3 timar kortare reisetid mot Oslo. Dette må vegast mot 10-15 minutt lengre tid til Stord etter indre trase.

4. Yrkestransporten er ei stor brukargruppe. Dei vil ha indre trase.

5. I den siste regjeringserklæringa ligg 1064 mrd. kroner til vegbygging fast. I følgje Oslo Economisk vil 15 planlagde vegprosjekt falla ut, grunna kostnadsauke. Hordfast med Bjørnefjordsbrua er eitt av dei.

6. Oppdaterte prognosar for ekstremver er dårleg nytt for Bjørnefjordsbrua.

7. Indre trase utløyser store areal til bustad og til næringsbygg. Midtre trase gjev lite areal, men stor miljøulempe.

8. Trafikkprognosane som tilhengarane av midtre trase legg fram er heilt urealistiske.

9. Me får ingen arbeidspendling med så høge bompengeprisar.

Midtre trase har så langt kosta nær ein halv mrd. kr. No vil dei ha førehandsinnkreving av bompengar på ferjene, då dei treng meir pengar til planlegging. Kor mykje skal ein bruka på eit prosjekt som ikkje er realiserbart?

Artikkelen held fram under annonsen.

For totalkostnaden for midtre trase kan ein planleggja og vera godt i gang med å byggja så vel indre trase som Hordalandsdiagonalen.

Jan Gaassand

Os Senterparti