Det har vore nemnd at ein kan pendla mellom Stord og Bergen, men skal ein tru litt på lekkasjane angåande slike reiser, vil vel ei vanleg dagsløn bli for liten - også godstransporten kjem til å slita.
Det har vore nemnd at ein kan pendla mellom Stord og Bergen, men skal ein tru litt på lekkasjane angåande slike reiser, vil vel ei vanleg dagsløn bli for liten - også godstransporten kjem til å slita.

E39: På tide å sjå etter andre løysingar

Etter som tida går, ser det ut til at prosjektet E39 Stord-Os kjem til å bli så dyrt at ein bør sjå etter andre løysingar.

E39 skal etter intensjonane binda saman sør og nord, så lengd og kostnader må stå høgt på ønskelista ved stadval. Indre trase må difor utgreiast og leggjast om i høve Hordfast. Følgjeleg bør strekkja nordover frå Stord peika i retning Romarheimdsdalen, så får Bergen kopla seg på der det passar best og billigast.

Det har vore nemnd at ein kan pendla mellom Stord og Bergen, men skal ein tru litt på lekkasjane angåande slike reiser, vil vel ei vanleg dagsløn bli for liten - også godstransporten kjem til å slita. Kan nemna at ost frå Jæren til Grandiosa (Stranda) også i dag vert køyrd over austleg trase.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prosjektet ein her snakkar om, har vore oppe i ein kostnad på 43 milliardar, men då varskodde Erna at prisen måtte monaleg ned. Straks etter kom ein ny lekkasje, då på 35 miliardar, utan at der kom ei fullgod forklaring på korleis ein kunne få dette til.

Når ein tenkjer tilbake på mange av Vegvesenet sine anlegg, er desse blitt nokså mykje dyraren enn oppstartsprisen. Dette forklarer Vegvesenet med vanleg prisstigning og ymse «uheldige» omstendigheiter. Kanskje blir det ikkje så ille for E39-prosjektet, men det er vel få prosjekt som har hatt slike ukjende faktorar som denne jobben.

Kravet til standard bør reduserast frå 110 km/t med dosering deretter, til 90 km/t (såkalla trefeltsveg) med dertil krav om dosering. Denne modellen har slege godt an i Sverige og lagar til ymse forbikøyringsfelt. Der har og vore på tale med restriksjonar når det gjeld avstand mellom lange køyretøy, slik at det blir lettare å koma inn i rett fil.

Trur ein del fagfolk har høyrt for lite på «sunt» bondevit i denne saka. Bjørnefjorden er ikkje til å spøkja med.

Gudleik Østerbø