Rett nok blir det ein del tunellar i den nye traseen, men eg trur ikkje det blir noko billigare å koma over Os.
Rett nok blir det ein del tunellar i den nye traseen, men eg trur ikkje det blir noko billigare å koma over Os.

E39: På tide å sjå etter nye løysingar - del II

Vegen vil utløysa store moglegheiter for Tysnes-Fusa og Samnanger som vil bli utbyggingskommunar. Vi har gode hamner, rikeleg med straum og vatn, mykje område til industri/friluftsliv, vidaregåande skule og trivelege folk.

LESARBREV: Eg nemnde i førre innlegg at ein skulle sjå nøyare på trefeltsveg med 90 km som optimal fart, så no går vi vidare til påkopling i Romarheimsdalen.

Frå Stord legg ein bru frå Jektevik til Hodnaneset, vidare over Tysnes/Lukksund og til Grunnasundet. Derfrå over Nordtveitgrend-Baldersheim-Henanger, som vil utløysa store område for produktiv infrastruktur av mange kategoriar. Ved Henanger er det kort veg over Henangervatnet (bru), og legg ein stigning på tunellinnslag med ein gong ein kjem over på andre sida og tek utslag før ein er i Rennesvik, vil det bli svak stigning fram til Røadalen (Heimstad) og ein slepp over Holdhus. Det vil også løysa problemet som vegvesenet har når det gjeld strekkja Kilen-Bjørndalsåsen, dersom ein rustar opp Kilen-Henanger. Fusa kommune sine problem med tunell Sævareid-Eikelandsosen blir også løyst.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå Heimstad (Rødalen) legg ein veg nordvest for Vengsvatnet, der elva renn ut i vatnet og lagar eit vegkryss med Rv134 (sjå seinare innlegg) og tek tunell bak Eikelandsosen til Havsgårddalen (som blir det høgaste punktet på vegen). Herfrå er det tofeltsveg til Samnanger (Bergen), og vegkryss på Gaupholm (sjå seinare innlegg). Strekkja Havsgårddalen-Gaupholm kan lagast langt flatare dersom ein legg om ved Øyra (Holmefjord) og går over Utskot.

Frå Gaupholm byggjer ein så veg til det punktet i Samnanger, der det er best å laga til ein forholdsvis kort tunell til Vaksdal-sida. Herfrå legg ein vegen til Romarheim over Osterøy eller på Stamnessida.

Slik Hordfast er lagd opp til i dag, vil ein spara to lange bruer (Ådlandsfjorden og Samnangerfjorden v/Boga), ved å ta den nye traseen. Samtidig vil Bergen sparast for unødig trafikk og forureining utan at det tek så alt for lang tid. Om ikkje lenge vert ein nøydd til å laga Nordhordlandsbru, så kanskje dette kan gje eit lite pusterom. Rett nok blir det ein del tunellar i den nye traseen, men eg trur ikkje det blir noko billigare å koma over Os.

Vegen vil utløysa store moglegheiter for Tysnes-Fusa og Samnanger som vil bli utbyggingskommunar. Vi har gode hamner, rikeleg med straum og vatn, mykje område til industri/friluftsliv, vidaregåande skule og trivelege folk.

Så til dei sentrale styresmaktene: Tenk dykk om før de set «gamle-traseen» ut i livet.

Gudleik Østerbø