Det oppstod kø på Søfteland etter ei bilulukke i kveld.
Det oppstod kø på Søfteland etter ei bilulukke i kveld.

E39 stengt etter ulukke

Oppdatert: Vegen er no open att etter ulukka. Biluhellet førte til køar rundt kl. 20.

Vegsentralen melde frå om ulukka på twitter. Naudetatar var raskt på pletten og såg til dei to bilistane. Ifølgje politiet var to bilar med ein person i kvar bil, involverte.

– Ein av dei to fekk behandling av ambulansepersonell på staden, medan den andre var relativt uskadd, opplyser operasjonsleiar.

Artikkelen held fram under annonsen.

E39 vart opna for fri ferdsle rundt kl 20.30.

ol@osogfusa.no