annonse

– Eg har aldri vore med på liknande

God stemning
God stemning: Hans Bjørn Bakketeig og Gunnar Nagell Dahl har kjend kvarandre lenge. Laurdag stod sistnemnde bak ein stor innsamlingsaksjon til Bakketeig sitt Hjelp Moldova. (Foto: Benjamin Søgnen Olsen)
Stort publikum
Stort publikum: Mange fann vegen til sentrum laurdag. (Foto: )
Om prosjektet
Om prosjektet: Hans Bjørn Bakketeig tok imot ein sjekk frå Os kommune på 20.573 kroner, og snakka til publikum om prosjektet i Moldova. (Foto: )
Konferansier
Konferansier: Torstein Hatlevik frå Haaheim Gaard var konferansier. (Foto: )
Stod for musikken
Stod for musikken: Johnny Olsen Band lagde liv i sentrum. (Foto: )
Selde mat
Selde mat: Det blei selt mat for 50 kroner, men ein kunne velja å betala meir. Nokon betalte 500 kroner, ifølgje Gunnar Nagell Dahl. (Foto: )
: (Foto: )
: (Foto: )

Hans Bjørn Bakketeig var tydeleg rørt over det gode venar hadde stelt i stand i Os sentrum laurdag føremiddag. – Det er godt å ha gode venar, seier Bakketeig.

Benjamin Søgnen Olsen

Det var Gunnar Nagell Dahl med venar som inviterte til Hjelp Moldova-arrangementet. Den kjende kokken har i lang tid følgt arbeidet til Han Bjørn Bakketeig i Moldova.

– Eg og Hans Bjørn jobba saman i Osøren Blues & Jazzfestival då eg var leiar og han var kasserar. Alt då gav vi litt til Hjelp Moldova under konsertane. Då det blei snakk om at Hjelp Moldova mister støtta frå Utanriksdepartementet frå nyttår av, tenkte eg at vi må gjera nok for å hjelpa, seier Nagell Dahl og held fram:

– Ein ting er å tenkja at ein skal hjelpa, men ein må gjera det også. Difor valte vi ein dato og gjekk ut og annonserte prosjektet. Det er slik ein må gjera det. Då er det ingen veg tilbake. Det var ikkje vanskeleg å få folk med, seier han og smiler.

Stor dugnadsånd

Nagell Dahl hadde god grunn til å smila laurdag. Det aula med folk i sentrum, og vêret, som tidlegare i veka såg ut til å bli dårleg – svikta ikkje.

– Vi sel mat for 50 kroner, men ein kan velja å betala meir også. Det er nokon som har betalt 500 kroner for mat, faktisk. Det er meir enn ein må betala på Haaheim Gaard, seier Nagell Dahl og ler.

Det var elles Torstein Hatlevik, Haaheim Gaard-gründer, som var konferansier laurdag.

Varaordførar Laila Marie Reiertsen var på plass for å dela ut ein sjekk på vegner av kommunen. Sjekken var på 20.573 kroner – like mange osingar som det var på tidspunktet kommunen tok avgjerda om å støtta Hjelp Moldova.

– Dugnadsånda i landet er stort, men dugnadsånda i Os vil eg påstå er endå litt større. Då eg såg dokumentaren om Hjelp Moldova på TV 2 pressa tårene på. Eg vil tru alle som såg den dokumentaren blei rørt, seier Reiertsen.

Rørt blei også Hans Bjørn Bakketeig, som måtte samla seg litt då han fekk mikrofonen. Johnny Olsen Band, som stod for musikken, fekk skryt av Bakketeig.

– Eg ser at de framleis er populære, sa Bakketeig, og sikta til alle publikummarane som var samla kring scenen.

Håpar å halda fram i tre år til

Vidare snakka Bakketeig om prosjektet og dei viktige støttespelarane i Os.

– Dei vidaregåande skulane i Os og Fusa, og ikkje minst Grieg Foundation, er essensielle for oss.

Osingen håpar å kunna halda fram i Moldova i tre år til. Då vil han ikkje lenger vera den einaste optikaren.

– Eg håpar at det er 16 optikarar om tre år. Då skal det første kullet med studentar vera ferdige med utdanninga, seier Bakketeig.

I tillegg til mat og musikk, var det også auksjon til inntekt for Hjelp Moldova. Havnechefen gav bort delar av omsetnaden sin før klokka 14.00 til prosjektet.

– Du nemner at det er fleire viktige, lokale samarbeidspartnarar, men har det nokosinne blitt arrangert ein dag som dette til inntekt for Hjelp Moldova?

– Aldri. Eg har aldri vore med på liknande, seier Bakketeig.





Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut