Ordføraren var imponert over teikneferdigheitene til 6. klassingane. Det var mange ho likte, men forslaget som ho peikar på her, var nok favoitten. Baugen på ein oselvar i gull med blå bakgrunn.
Ordføraren var imponert over teikneferdigheitene til 6. klassingane. Det var mange ho likte, men forslaget som ho peikar på her, var nok favoitten. Baugen på ein oselvar i gull med blå bakgrunn.

Ei ekte kunstutstilling er opna i Os folkebibliotek

Sjekk ut forslaga som 6. klassingane i Fusa og Os kommunar har kome med til nytt kommunevåpen. Ordførar Marie Bruarøy blei mektig imponert, og kalla det ei kunstutstilling.

– Forslaga som er komne inn, er utruleg flott. Dei tek opp i seg element som er sentrale både for Os og Fusa, som fiske, fjord, fjell og ulike dyr. Eg er imponert over teikneferdigheitene til 6. klassingane i kommunane. Eg trur ikkje nokon av oss vaksne til stades kunne gjort det betre, seier Bruarøy.

No ser ho fram til at fellesnemnda skal sjå på forslaga. Det er mykje å bli inspirert av her. Ein skal ikkje sjå bort i frå at dei profesjonelle aktørane kjem til å ta utgangspunkt i eit av desse forslaga, seier Bruarøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg til utstillingar i biblioteka i Os og Fusa, kan ein sjå alle bidragaher.

Lava si teikning

I vår blei alle 6. klassingar i Fusa og Os kommunar inviterte til å teikna sine forslag til nytt kommunevåpen for Bjørnafjorden kommune. Dei same 6. klassingane var inviterte til opninga torsdag, og nokre av dei dukka opp. Ein av dei var Lava Herem Mahmood frå Os barneskule. Ho hadde med seg «hjelparen sin», Karoline Olsen.

– Eg jobba med to ulike forslag, og landa på dette – som eg leverte. Eg har tenkt på begge kommunane. Øksene er fordi det er mykje skog og trehogst, og eg har med fjell i tillegg til Osrosa.

Alle 6. klassingane var inviterte, men det var ikkje så mange som hadde høve til å stilla på kunstopninga.
Alle 6. klassingane var inviterte, men det var ikkje så mange som hadde høve til å stilla på kunstopninga.
Karoline Olsen og Lava Herem Mahmood, viser fram kunstverket til sistnemnde. Utstillinga i biblioteket er også å finna på nett.
Karoline Olsen og Lava Herem Mahmood, viser fram kunstverket til sistnemnde. Utstillinga i biblioteket er også å finna på nett.
Ordføraren trekte ein vinnar blant alle 6. klassane som har bidrege med teikningar. På lappen stod det Søre Øyane barneskule. Ordføraren har ei dotter på same skule, men ho går i 4. klasse.
Ordføraren trekte ein vinnar blant alle 6. klassane som har bidrege med teikningar. På lappen stod det Søre Øyane barneskule. Ordføraren har ei dotter på same skule, men ho går i 4. klasse.
Totalt er det kome inn 171 forslag frå 6. klassingane.
Totalt er det kome inn 171 forslag frå 6. klassingane.
Ordførar Bruarøy reiste rett frå biblioteket til Søre Øyane barneskule for å gje dei sjekken som viser at dei vann 5.000 kroner for å bidra i teiknekonkurransen.
Ordførar Bruarøy reiste rett frå biblioteket til Søre Øyane barneskule for å gje dei sjekken som viser at dei vann 5.000 kroner for å bidra i teiknekonkurransen.

– Trur du at ekspertane vil bruka di teikning som inspirasjon?

– Det er så mange i klassen som er flinke til å teikna. Eg synest alle teikningane er fine, så det er vanskeleg å seia, seier Lava Herem Mahmood.

Marie Bruarøy sin favoritt

Ordførar Marie Bruarøy hadde sine favorittar, og ho var imponert over forslaget til Lava.

– Det tek opp i seg fleire element frå begge kommunane. Eg ser Osrosa, fjell og fjord, og øksene får meg til å tenkja bakover i tid – men også notid, ved at kunst og handverk, jordbruk og fiske har vore og er viktige næringar i dei to kommunane, seier Bruarøy og legg til:

– Det er eit av dei andre forslaga som er ganske likt noko eg har sett føre meg. Det er baugen på ein oselvar, med blå bakgrunn. Oselvaren ser også ut som ei rune. Oselvaren i dette tilfellet tek også opp i seg gullfargen som vi har i Os sitt kommunevåpen i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordføraren fortel vidare at det nok ikkje er alle teikningane som tilfredsstiller krava for nye kommunevåpen, men at dei fleste er innanfor.

– Fusa sitt kommunevåpen er innanfor reglane. Det er ikkje Os sitt. Eg meiner at vi må ha eit kommunevåpen som ein kan teikna utan å ha noko å sjå etter. Det kan ein med Fusa sitt kommunevåpen, men eg meiner at det er vanskeleg med Os sitt. Det er flott, men kanskje litt for pompøst.

Flotte premie

Både i Os og Fusa skal det trekkjast ein klassevinnar, som får ein flott premie.

– Det er ikkje éin elev som får premie, men heile klassen, seier kultursjef i Os kommune. Lisbeth Axelsen og legg til:

– Alle klassane som har bidrege, har vore med i kampen om gåvekortet, som er på 5.000 kroner.

Det var ordføraren som fekk æren av å trekkja loddet for klassane på Os. Ho måtte halda seg for augo, slik at ingen kunne skulda ho for å juksa. Det blei morosamt då ho opna lappen, og las Søre Øyane barneskule.

– Eg har altså ei dotter på den skulen, men ho går i 4. klasse, seier ho og ler.

– Gratulerer til Søre Øyane barneskule, seier Bruarøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilgjengeleg på nett

Prosjektgruppa, som består av kulturleiar i Fusa, Erik Vangsnes, kultursjef i Os kommune, Lisbeth Axelsen, og Grete Byrkjeland frå kultureininga i Os kommune, fekk inn svært mange forslag til nytt kommunevåpen. 171 teikningar har 6. klassingane bidrege med. Forslaga vil tena som inspirasjon for dei profesjonelle kunstnarane som skal gje form til det endelege kommunevåpenet.

Fredag opnar ordførar i Fusa, Atle Kvåle, utstillinga i Fusa folkebibliotek. Det skjer klokka 9.

I tillegg til utstillingane i biblioteka, som varer til 31. august, vil alle forslaga også vera å sjå i elektronisk utgåve påbjornafjordenkommune.no frå i dag (7. juni).