annonse

Ei reise langs Osbanen

: Her er den nylagte traséen like ved Stend stasjon.
: Magnar Brekke stilte på kort varsel og heldt eit engasjerande føredrag om Osbanen.
:
:

Frammøtet var stort då Magnar Brekke og historia om Osbanen erstatta føredraget til Geir Lundestad i senioruniversitetet.

Lundestad måtte melda avbod grunna sjukdom i familien, men styret i senioruniversitetet hadde på kort tid funne ein ny foredragshaldar, Magnar Brekke, som på ein engasjert og levande måte fortalde soga om Nesttun - Osbanen.

Fatta tidleg interesse

Magnar Brekke, oppvaksen i Os, utdanna filolog og tilsett først ved Universitetet og så ved Handelshøgskulen, fortalde at han allereie som gut hadde blitt nyfiken på historia rundt Osbanen. Når han drog med buss til byen, oppdaga han her og der den fine lina i terrenget og fekk fortald at der hadde Osbanen gått.

Som gymnasiast skreiv han særoppgåve om temaet, og sidan har han etter eiga utsegn vore ustoppeleg når det gjeld Osbanen. Eit to dagar langt "dampmaskiniststudium" på fjordabåten Oster, gav han òg syn for funksjonen i gamle damplokomotiv.

Ei sidegrein

Då Nesttun-Osbanen vart opna i 1894, låg fleire år med opp- og nedturar i planlegging bak. I samband med bygging av Vossabanen som vart opna i 1883, kom tanken opp om ei sidegrein til Os. Distriktslækjar Krüger - også kalla "far til Osbanen" - kom med framlegg om ein "chausséjernbane" frå Nesttun til Osøren, men idéen vart avvist som ugjennomførleg.

I 1884 gjekk ingeniørar opp traséen for ein jernbane, men på ny vart planen skrinlagt.

I 1889 var det stor Verdsutstilling i Paris, Eiffeltårnet står framleis som eit bygg frå denne utstillinga. Her vart det òg bygd ei lett konstruert jernbaneline for å kunna frakta publikum frå eitt til eit anna utstillingsområde. Ingeniør Nicolay Sontum hadde ikkje gitt opp tanken om jernbane mellom Nesttun og Os. Han drog til Paris. Her på utstillinga vart han kjend med ein enkel måte å byggja smalspora jernbane på. Systemet var utvikla av Paul Decauville og hadde m.a. blitt nytta i Frankrike for å transportera jordbruksvarer i landet og seinare i franske koloniar.

Fire timar med dampbåt

Erfaringane Sontum gjorde seg med Decauville-systemet sette på ny i gang prosessen med å få lagt ein bane frå Nesttun til Os. På dei tider tok det fire timar for folk og fe og landbruksprodukt å koma seg med dampbåt frå Os til Bergen. Banen korta tida ned til det halve. Etter stor arbeidsinnsats, mykje ved hjelp av handmakt, sto banen klar til opning 1.juni 1894.

Nesttun-Osbanen vart den einaste allmennbanen i landet som i hovudsak var privatfinansiert. Han vart òg den einaste banen i landet bygd etter Decauville-systemet. Og han vart den norske sidebanen med størst passasjertrafikk! Ein god del av denne trafikken kom frå transporten av soldatar til og frå Ulven leir.

Dampbåtane prøvde å behalda passasjerane som skulle til byen. Båtane låg gjerne og venta ute i fjorden til toget var gått sin veg. Men togførarane hadde eit knep i ermet: Dei køyrde toget til Kuven stasjon, og når båten hadde sett passasjerane i land, rygga toget attende til Osøyro og starta den endeleg turen mot Nesttun!

Bussane tok over

Men etter ein topp i trafikken like etter første verdskrigen, tok bussar meir og meir over skyssen til byen, og i 1934 vart banedrifta lagt ned.

Banen og historia rundt Nesttun-Osbanen kunne gått i gløymeboka om ikkje entusiastiske menneske hadde tatt på seg å etterspørja, undersøka, samla og vedlikehalda det som er att av banen og minne frå driftstida.

Magnar Brekke synte bilete og fortalde historier frå dei ulike togstoppa der vi i dag kan finna og kjenna att stasjonshusa både på Os, Ulven, Fana, Stend og i Rådal.

Huset i Rådal vart i 2009 kjøpt av det nyoppretta aksjeselskapet Nye Osbanen AS. Han viste òg korleis ein liten, nyoppdaga stubb av banen ved Stend i 2009 vart redda frå øydelegging og lagt til med svillar og skinnar.

Éi vogn intakt

I stasjonsbygget på Stend finn vi Osbanemuséet som er ope sundagar om sommaren til stor glede for besøkande. Der kan ein sitja i ei vogn sett saman av delar av gamle vogner frå Osbanen og få ein kort køyretur trekt av eit gamalt lokomotiv. Berre éi vogn frå det gamle toget er framleis intakt. Ho vart i 2016 frakta frå Kismul til Lidl-lageret for å setjast i stand. I hagen på Kismul der ho sto i 81 år, hadde ho vore nytta til både hytte, reiskapsbu og leikehus!

Det kan vera lett og undrast på kvifor nokre entusiastar ser sitt mon i å leita fram delar av tog, gamle rutetabellar, billettar, bilete og historier frå drifta og reinska ein gamal jernbanetrase for kratt som veks opp. Foredragshaldaren mangla ikkje svar på kvifor dei driv arbeidet. Han slo fast at Nesttun-Osbanen er eit teknisk-historisk kulturminne som er verd å ta vare på. Sjølve Osøren stasjon er «The jewel in the crown» og viktig som ein identitetsmarkør for menneska i Os.

Mange visjonar

Brekke hadde mange visjonar for korleis bruk av stasjonen og området rundt kunne bli ei perle og ein verkeleg turistmagnet for bygda: Sjå for dykk eit stasjonsbygg som vert tilbakeført til opphavleg eksteriør med ein hellelagt/bordlagt perrong mot skinner som fører inn i Vognhallen. Inne i huset er det eit lokalt turistkontor, historisk fotoutstilling og kanskje ein osbaneverkstad der ein kan sjå inn i verkstader med ulike handverk. Og sjølvsagt kafé og kioskdrift.

I turistsesongen står ei nyoppussa togvogn framføre stasjonen. Her kan ein sitja og oppleva fortida gjennom kontinuerleg syning av film om Osbanen!

Og visjonane stoppa ikkje med dette. Draumen er å få skinner heilt opp til Kuven stasjon, slik at folk kan få kjøpa billettar og oppleva ei kort reise til Kuven og kanskje sykla på dressin attende til Os.

For å få gjennomført visjonane trengst det både politisk vilje og pengar, men ikkje minst eldsjeler. Magnar Brekke ettelyste osingar til gruppa «Osbanens venner». Kvifor er det mest folk i Fana som er involverte her? Han oppfordra òg til innlevering av teak som vert fjerna ved oppussing og ombygg. Dette trengst til restaureringa av den gamle togvogna.

Foredragshaldaren fekk både blomer og varm applaus for foredraget og for at han stilte opp på kort varsel. Honoraret? Ja, det ville han skulle gå til arbeidet i Osbanens venner.

Lill-Karin Wallem

Os Senioruniversitet

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.