Sondre Eide (t.h.) og bror Erlend er i lag med mor Randi i Oslo for å ta imot prisen.
Sondre Eide (t.h.) og bror Erlend er i lag med mor Randi i Oslo for å ta imot prisen.

Eide Fjordbruk er årets gasellebedrift i Noreg

Onsdag kveld vart det klart at oppdrettsverksemda i Fusa gjekk heilt til topps i kåringa av årets gasellebedrifter i Noreg.

Onsdag kveld er familien i Oslo og tek imot prisen. Randi Herre Eide, Erlend Eide og Sondre Eide mottok prisen frå DN-redaktør Amund Djuve.

Utdelinga fann stad på Hotel Christiania Teater der bedriftsleiarar og tilsette frå heile Noreg er samla til Dagens Næringslivs gasellefinale.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kva må til for å bli ein gasellevinnar, spurde næringsminister Torbjørn Røe Isaksen, som overrakte prisen til  fusingane.

- Du må tenkja laks når du søv. Så har vi flinke medarbeidarar som gjer det same, svarte Sondre Eide, som har teke over som dagleg leiar etter at faren Knut Frode Eide gjekk bort i november.

Sondre legg overfor DN ikkje skjul på at det har vore ein tøff månad.

- Det har vore ein tøff månad, men ein har kome seg på jobb og det har vore terapi på mange måtar. Det har vore godt å ha noko å halda på med, seier Sondre tilavisa.

På to år har familien med 35 til 40 tilsette hatt eit samla overskot på 347 millionar kroner etter skatt.