Eikelandsfjorden G14 jublar for siger i B-sluttspelet.
Eikelandsfjorden G14 jublar for siger i B-sluttspelet.

Eikelandsfjorden G14 vann B-sluttspelet

Eikelandsfjorden G14 kunne løfta pokalen etter 2–1 siger mot Trio IL fredag ettermiddag.

post@osogfusa.no

Gutelaget frå Fusa, som spelar 7ar-fotball, møtte tøff motstand i finalen. Trio IL slo blant anna Vang FK heile 21–0 8.-delsfinalen i B-sluttspelet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eikelandsfjordingane gjekk uansett tøft til verks og pressa på dei første minutta. Dei fekk løn for strevet og scora 1–0 etter ei heading.

Rett før pause får ein Trio-spelar tuppa ballen i mål, og stillinga til kvilen vart dermed 1–1.

Fortent siger

I andre omgang heldt Eikelandsfjorden fram med å pressa. Eit kanonskot på frispark seinare og Eikelandsfjorden gjekk nok ein gong opp i leiinga. Fleire mål vart det ikkje, og gutane kunne strekkja armane i vêret.

Det var mange entusiastiske tilskodar under finalekampen.
Det var mange entusiastiske tilskodar under finalekampen.

Også ifølgje Trio IL sin liveoppdatering på Facebook var sigeren av det fortente slaget. Det inntrykket sat også Eikelandsfjordentrenar Otto Ådland igjen med.

– Eg vil sei at det var ein fortent siger. Gutane utgjer eit jamt og godt lag, og i dag ville dei meir enn motstandarane, fortel han.

Spelt betre og betre

Etter ein tung start har gutelaget spelt seg gode utover i tevlinga.

– Gutane har spelt betre og betre. I fjor kom dei til kvartfinale i A-sluttspelet, så dei har vist at dei har nivået før. Det er likevel noko ekstra spesielt med det å vinna, fortel Ådland.

Trass i sterk motstand var det tru på siger før finalestart.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi sa kvelden før finalen at dersom me fekk ballen nedpå bakken så var dei gode nok til å vinna. Det klarte dei i finalen og stod løpet ut. Vi er stolte over gutane, og dei har all grunn til å vera kjempenøgde, avsluttar trenaren.