Sondre Justad er kjend for sine liveshow. Neste sommar kjem han til Osfest.
Sondre Justad er kjend for sine liveshow. Neste sommar kjem han til Osfest.

Ein av Norges heitaste artistar kjem til Osfest

Popsensasjonen Sondre Justad vil stå på scenen under Osfest-fredagen.

– Osfest er den einaste konserten lofotingen kjem til å ha i bergensområdet i sommar, fortel primus motor for Osfest, Tor Egil Hylland.

Utselt på “rekordtid”

Med store hits som «Ikke som de andre». «Riv i hjertet» og «Tida vi bare va», har Justad teke sin plass på den norske pophimmelen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Med så store hits, og eit liveshow utan sidestykke, kan Osfest-publikummarane alt no starta å gleda seg til neste års festival, seier Hylland og legg til:

– Sondre Justad sine konsertar er noko heilt spesielt. Vilt og vakker på same tid. Vi gler oss stort til å få ein så god liveartist på besøk, seier festivalsjef Hylland.

Justad selde raskt ut årets storbyturne. Alle billettane blei rivne bort før turneen starta. Til sommaren står festivalane for tur, og i bergensområdet er det berre Osfest som har fått æra av å ha den nordnorske popstjerna på plakaten, ifølgje Hylland.

– Sondre Justad vil stå på scenen fredag 9. august, seier Hylland.