Tilbodet er for elevar som er interesserte i gaming og som ønskjer seg studiekompetanse, og rektoren nemner aktuelle spel som Counter Strike, Overwatch og League of Legends.
Tilbodet er for elevar som er interesserte i gaming og som ønskjer seg studiekompetanse, og rektoren nemner aktuelle spel som Counter Strike, Overwatch og League of Legends.

Ein av seks i landet: Os gymnas lanserer e-sport til hausten

Os gymnas satsar på framtida med lansering av e-sport-linje frå hausten 2019.

- Elevane kan velja e-sport som fordjupning fem timar i veka. I dette faget får elevane treningsplanlegging, basistrening og ferdigheitsutvikling sidan dette er eit toppidrettsfag, fortel rektor Kjersti Daland.

Tilbodet er for elevar som er interesserte i gaming og som ønskjer seg studiekompetanse, og rektoren nemner aktuelle spel som Counter Strike, Overwatch og League of Legends.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er cirka 145 millionar e-sport utøvarar i verda.

I Noreg er det tre skular som har dette tilbodet i dag, og frå hausten vert det tilsaman seks vidaregåande skular som har e-sport.

I Hordaland er det Arna vidaregåande som har dette fagtilbodet.

Rektoren opplyser at skulen vil informera om tilbodet på ein open kveld 13. februar.

jostein@osogfusa.no