(
(

Ein bil med tre personar køyrde av vegen i Fusa

Naudetatane rykte ut til ulukka som skjedde i Hålandsdalen i 21-tida søndag kveld.

Det blei på Twitter opplyst at det skal ha vore ein del snø i vegbanen. Alle i bilen var vakne og oppegåande då naudetatane kom til staden, og etter sjekk blei det konkludert at ingen av dei var skadde. Bilbergar henta bilen.