Osingar hadde høgast snittløn. Fusingane kunne skilta med størst snittformue. Om vel eitt år er denne inndelinga historie.
Osingar hadde høgast snittløn. Fusingane kunne skilta med størst snittformue. Om vel eitt år er denne inndelinga historie.

Ein historisk kveld: Bjørnafjorden kommune vedteke

Under det symboltunge fellesmøtet i kveld prøvde politikarane seg på fleire variantar av kommunenamnet – men til slutt gjekk Bjørnafjorden kommune av med sigeren. – Denne dagen vil skriva seg inn i historiebøkene, sa Hans Ekeberg (Ap).

Fusa kommunestyre og Os kommunestyre samla seg i kveld til det historiske møtet der ny kommune med nytt namn skulle vedtakast. Fylkesmann Lars Sponheim vart valt til ordstyrar, og han opna møtet med karakteristisk humor.

– Eg forstår at det er litt skuffande at det berre er ein skarve fylkesmann som leier møtet når de heile sommaren har vore styrt av det berømte hamnesjefen, begynte Sponheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er ein dag som dei fleste av oss opplever berre ein gong i livet. Det er ein spesiell og sjeldan dag, og fleire år med utgreiingar og debatt ligg bak oss. Det er eit tid for debatt, og det er ei tid for vedtak, sa Sponheim – og minna kommunestyra på den måten på at dette ikkje var kvelden for partipolitiske krumspring.

Heldt liv i namnedebatten

Politikarane kunne likevel ikkje heilt dy seg for å ta opp kveldens mest symboltunge tema – nemleg namnevalet.

Dette vart diskutert under eit felles drøftingsmøte som kom først. Her kunne politikarar frå båe kommunane fekk koma til orde, medan sjølve vedtaka skulle fattast i to separate kommunestyremøte for dei respektive kommunane etterpå.

Ein fullsett gymsal på Fusa gymnas braut ut i spontan applaus etter at banneret var avduka.
Ein fullsett gymsal på Fusa gymnas braut ut i spontan applaus etter at banneret var avduka.
Marie Bruarøy fekk ei velkomstgåve av ordførar Atle Kvåle på tampen av møtet
Marie Bruarøy fekk ei velkomstgåve av ordførar Atle Kvåle på tampen av møtet

Leif Gunnar Heggland (Frp) var ikkje så godt nøgd med framlegget frå styringsgruppa, nemleg Bjørnafjorden kommune.

– Dersom me går for Bjørnafjorden kommune, er det ingen veg tilbake. Eg meiner det er litt brutalt å kvitta oss med namna Os og Fusa sånn utan vidare – det er svært mykje historie og verdiar knytt til namna, sa han.

Han ville likevel ikkje fremja Os og Fusa kommune som namn, men det tok Harald Lekven (Sp) seg av.

E du bjørnafjording?

Mikal Leigland (Sp) sleit også litt med namnevalet, utan at han hadde noko betre framlegg.

– Me i Fusa er glade for å kalla oss fusingar, og de i Os er glade i kalla dykk osingar. Men Bjørnafjording? Det er ikkje veldig enkelt og godt, sa han, og fekk støtte frå Bjarte Samnøy (KrF).

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har ofte prøvt å få fleire til å flytta til Fusa – men skal eg få nokon til å flytta til Bjørnafjorden kjem dei til å drukna, i alle fall viss me ikkje skal byggja bru, sa Samnøy til lett humring frå salen.

Glenn Erik Haugland (V) syntest det var fint at det blei diskutert identitet, men meinte at det var uproblematisk å sjonglera mellom fleire identitetar.

– Eg er både vestlending, sørenesing og gjerne også bjørnafjording. Viss alternativet er Os og Fusa kommune, vil det jo ikkje bli heilt enkelt med «Os og fusing», heller, la han til.

«Ein fjord eg kjenner»

Gisle Hesjedal (Ap) meinte at Bjørnafjord kommune var det beste, og viste til at av 11 kommunar som har fjord i namnet sitt, er det berre ein av dei som har det i bestemt form – nemleg Masfjorden.

Marie Bruarøy leverte kveldens finaste forsvar for alternativet Bjørnafjorden kommune, som også styringsgruppa samrøystes hadde tilrådd:

– Bjørnafjord kommune? Det er heilt framand namn for meg. Mens Bjørnafjorden – det er ein fjord eg kjenner, sa ordføraren.

Kvåle drog linjene

Ordførar Atle Kvåle blanda seg ikkje inn i namnedebatten, men drog heller dei store historiske linjene tilbake til 1837. Då vart Os og Fusa (og Samnanger) til ein kommune, før Fusa vart ein sjølvstendig kommune nokre år seinare. I 1903 vart Strandvik, Fusa og Hålandsdalen kvar sin kommune, medan desse vart slått saman att i 1964. Ordføraren kunne hugsa debattane som gjekk den gongen, og som ein stundom framleis kan ana spora etter. Deretter hoppa han 50 år fram i tid, og til kommunestyra sine vedtak om samanslåing i 2016 og Stortingsvedtaket om det same 8. juni i år.

– Visjonen vår seier følgjande: saman for vekst og utvikling. Me er einige om at me skal vera likeverdige partar, og om at me skal respektera kvarandre og vera rause. Kva står då att? Jau, at me praktiserer det. Ofte er me for flinke til å laga formuleringar, men så sviktar det når me skal praktisera det me har blitt einige om. Difor er det viktig at me ser framover og byggjer ein ny kommune saman, sa Kvåle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vedtak og marginal dissens

Etter dei høgtidsstemte orda var det pause før kommunestyra skulle fatta dei respektive vedtaka om namn, ny fellesnemnd, og revisor for fellesnemnda. Administrasjonen i Os hadde kjøpt inn eit svært banner for høvet der det stod «Bjørnafjorden kommune» og såleis forskotert at dette ville bli namnevalet. I matpausen vart banneret hengt opp, og så tildekt att – i tilfelle kommunestyra skulle fatta eit anna vedtak.

Då kommunestyremøta vart sette, vart det ikkje opna for debatt. Sjølve vedtaka var difor overstått på få minutt. Det einaste punktet der det var litt dissens, var ikkje uventa knytt til namnet. I kommunestyret til Os vart det fremja framlegg om namnet skulle vera «Os og Fusa kommune», noko som fekk seks røyster og fall, medan eit stort fleirtal altså gjekk for Bjørnafjorden kommune. I Fusa vart det ikkje fremja noko alternativ til Bjørnafjorden kommune – og dette vart difor samrøystes vedteke av fusingane.

(Sidan Bjørnafjorden kommune dermed er vedteke som nytt offisielt namn på kommunen som formelt blir oppretta 1. januar 2020, vil også lokalavisa endra stavemåte på fjorden som me fram til i dag har stava Bjørnefjorden.)

ol@osogfusa.no