Stasjonsmeister Henrik Eidsvik har jobba i 60 år på bensinstasjonen ved den gamle brannstasjonen.
Stasjonsmeister Henrik Eidsvik har jobba i 60 år på bensinstasjonen ved den gamle brannstasjonen.

Ein hyllest: Henrik Eidsvik 90 år - den glade jubilanten

I januar i år fylte nestor i Os Mannskor, Henrik Eidsvik, 90 år. Koret fyller 94 i år, Henrik har vore med i 75 av dei, og han har ingen planar om å slutta.

Vi trur sikkert at dei osingane som møtte han på arbeidsplassen BP – Norol – Statoil – Circle K har gode minne om det. Det er i alle fall sikkert at vi som kjenner han frå mannskoret set stor pris på samværet. Dyktig songar, blid og omgjengeleg, og full av historier frå mannskorsoga - heilt frå han som 14-åring i 1943 hadde søkt om medlemskap, og alle ”gamlingane” måtte røma salen når ungdomane skulle prøvesyngja for dirigenten Henrik Lyssand. Heldigvis hugsar han betre enn dei fleste. Eit døme: Neste gong du er på mannskorkonsert, sjå etter han i fremste rekkja som klarar seg utan notar. Det er Henrik.

Men den som trur at han brukar all si tid på å pugga tekstar og melodiar, tar feil.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg til jobben, som han mista då han var 89 år, driv han med jakt og fiske, går sjølvsagt skikkeleg tur med hunden, og har ein eksemplarisk velstelt hage med plomme- og epletre, drivhus med tomatar m.a. Vi ser ingen teikn til at han vil slutta med dette heller med det første.

Attåt dette har han vore med i styre og stell i koret, m. a. som kasserar og revisor, og som formann i 1959.

Han har og dokumentert verksemda i koret ved å ta opp timevis av lydband, film og video på konsertar og liknande, som alt vil koma vel med når dei som hugsar og kan fortelja ein gong blir borte.

Korforbundet opplyser at det finst ikkje medaljar eller andre heidersteikn for songarar som har vore så lenge i mannskor. Her har koret ei utfordring som må løysast.

Vi er stolte av å ha Henrik Eidsvik som medlem (og æresmedlem) i Os Mannskor, og ønskjer han lukke til vidare.

Os Mannskor