Gisle Hesjedal slo av ein prat med William Lindborg og Henning Heimdal før jobb i dag. Dei to sistnemnde var blant dei som stilte med kaffi og bollar og informasjon om korleis ein skal køyra og parkera i sentrum i dag tidleg.

– Ein må tenkja på dei som driv butikk i sentrum

Os sentrumsforening og tilsette i kommunen er ute i gata med kaffi, bollar og informasjon om korleis ein skal køyra og parkera i sentrum.

– Det ligg an til å bli ein strålande dag. I dag gjer det i alle fall ikkje noko om ein må gå eit par minutt ekstra for å koma seg til jobb, seier leiar i Os sentrumsforening, William Lindborg.

Må ha god rullering

Då Lindborg parkerte i Vognhallen i 07-tida, var det ingen andre som hadde parkert der.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi må minna folk på kor dei kan parkera og kor viktig det er at dei som jobbar i sentrum ikkje stel parkeringsplassane til kundane. Eg forstår at ein av og til kan bli freista av å parkera så nærme som mogleg, men ein må tenkja på dei som driv butikk i sentrum, seier Lindborg og legg til:

– Vi har ikkje for mange parkeringsplassar i sentrum, men om vi klarer å få god rullering, så vil det fungera betre.

Fann parkering

Då Os & Fusaposten snakka med Lindborg, kom Gisle Hesjedal bort. Han hadde parkert ved Kløvertun.

Dette skrivet blei delt ut av Os sentrumsforening og Os kommune i dag tidleg.
Dette skrivet blei delt ut av Os sentrumsforening og Os kommune i dag tidleg.

– Er det lett å finna parkeringsplass om morgonen?

– Det er meir krevjande no. Eg parkerte på grusplassen så lenge det gjekk, men den blei stengd på fredag. I dag fekk eg plass ved sanitetshuset, men i går måtte eg bort med den gamle symjehallen. Då fekk eg siste parkeringsplassen der. Eg må vera litt tidleg ute, seier Hesjedal.