Nils Økland og Sigbjørn Apeland framførde Ole Bull sin musikk på ein både kjenslevar og kraftfull måte. Mari Lyssand batt det heile eminent saman ved å fortelja historia om geniet og eventyraren Ole Bull.
Nils Økland og Sigbjørn Apeland framførde Ole Bull sin musikk på ein både kjenslevar og kraftfull måte. Mari Lyssand batt det heile eminent saman ved å fortelja historia om geniet og eventyraren Ole Bull.

Ein magisk kveld ved Bjørnefjorden

I varmen frå kveldssola og med Langhamrane som kulisse blei musikken og livet til Ole Bull levandegjort av framifrå musikarar og vår eigen historieforteljar.

Stiftinga Det historiske tunet på Lyngheim arrangerte konsert på Lyngheim i samband med Osdagane, og i samarbeid med William Lindborg frå Os Sentrumsforening. Temaet var Ole Bull. Nils Økland og Sigbjørn Apeland, begge tidlegare leiarar av Ole Bull Akademiet på Voss, framførde Ole Bull sin musikk på ein både kjenslevar og kraftfull måte; Nils Økland på hardingfele, og Sigbjørn Apeland på trøorgel. Mari Lyssand batt det heile eminent saman ved å fortelja historia om geniet og eventyraren Ole Bull.

Dei 90 tilhøyrarane fekk ei unik oppleving ein vakker kveld ved fjorden. Som ein ekstra bonus dukka Kristine Bjånes opp på scena og song Sæterjentens søndag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nils Georg Brekke takka for konserten med å minna tilhøyrarane om at dei denne kvelden var tettare på historia om Ole Bull, nasjonalromantikken, folkemusikken og folkekunsten enn dei gjerne var klar over, slik berre han kan gjera. Han peika på det unike kulturmøtet mellom Ole Bull og Annanias Tveit på Lysøen, og korleis Annanias Tveit brukte motiv frå Lysøen på mange av kistene sine. Ein kjenner ingen andre eksempel på eit slikt kulturmøte i Europa, som mellom Ole Bull og rosemålaren Annanias, i fjordlandet Norge, på slutten av folkekunstens store periode under nasjonalromantikken.

Spelemannen Ole Bull, som verkeleg var ein spelemann i sin omgang med folkemusikken og hardingfelespelarane, har sin etterfølgjar som spelemann hundre år seinare, i Sigbjørn Bernhoft Osa, som kryssa mange musikalske grenser, slik Ole Bull gjorde. Grunnleggjaren av Ole Bull-akademiet var nettopp Sigbjørn Bernhoft Osa - eit folkemusikk-akademi som har fått ein høg posisjon, både nasjonalt og internasjonalt. Og etterfølgjarane til Bernhoft Osa som musikalske leiarar, var kveldens musikantar, Nils og Sigbjørn.

Nils Georg Brekke fortalde historia om då Nils Økland kom til Sigbjørn Bernhoft Osa og sa at han ville dra til Chicago og spela blues på hardingfele. «Ja, da ska du gjera», svarte Sigjørn, «da har ingjen gjort før deg. Og eg ska skaffa deg stipend». Stipendiet vart det ikkje noko av, men i 2017 var Nils i Chicago og spela sin nykomponerte blues «Blå harding».

Dei 90 tilhøyrarane fekk ei unik oppleving ein vakker kveld ved fjorden.
Dei 90 tilhøyrarane fekk ei unik oppleving ein vakker kveld ved fjorden.

Og som eit ekstra-ekstra nummer spela så Nils og Sigbjørn «Blå harding», til stor applaus frå den tallrike forsamlinga denne sommarkvelden ved Bjørnefjorden.

Magne Brekke

Stiftinga Det historiske tunet på Lyngheim