Ein sjåfør tok sjansen, og fann ut at det ikkje var mogleg å koma seg over Søvikåsen. No må han ryggja heile vegen tilbake til Lysefjorden.
Ein sjåfør tok sjansen, og fann ut at det ikkje var mogleg å koma seg over Søvikåsen. No må han ryggja heile vegen tilbake til Lysefjorden.

Eit vogntog stoppar trafikken i Søvikåsen – igjen

Det er ikkje første gong det skjer. Det er tydeleg skilta på staden, men likevel har ein sjåfør valt å køyra Ole Bulls veg over Søvikåsen med eit vogntog.

Rune Rasmussen publiserte eit bilete på Facebook halv to i dag. Då var han rett bak vogntoget.

– Eg såg på at han ryggja eit par meter. For å seia det slik, det kan ta ei stund før han klarar ryggja ned heile vegen til Lysefjorden-sida igjen, seier Rune Rasmussen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet har fått melding om saka.

– Patruljen er på staden. Noko meir veit eg ikkje, seier politioverbetjent, Sissel Becker.

Ikkje til å misforstå

Teknisk vakt i Os kommune, har ikkje høyrd om vogntoget.

– Det skal ikkje gå an å unngå å forstå skiltinga uansett om ein er frå Noreg eller frå utlandet.

Oppdatert klokka 14.20: Kring ein time etter at sjåføren hadde køyrd seg fast, er vegen open for trafikk, ifølgje ein Os & Fusaposten-lesar.