Det har vore ein stor jobb, som har teke mykje tid. No gler Fusa-russen seg til å visa fram revyen som forhåpentlegvis genererer eit stor beløp til Kreftforeningen.
Det har vore ein stor jobb, som har teke mykje tid. No gler Fusa-russen seg til å visa fram revyen som forhåpentlegvis genererer eit stor beløp til Kreftforeningen.

Eitt år med førebuing er omme – no skal dei på scenen: – Kreft bryr seg ikkje, men det gjer russen i Fusa

Årets russekull håpar at dei kan gjera russerevy til tradisjon i Fusa.

Heile prosessen med russerevyen, som har fått namnet «Kva no?» starta for om lag eitt år sidan. Då sat ein gjeng russ på eit grupperom på Fusa vidaregåande skule.

– Vi fann ut at det var på tide med russerevy i kommunen. Det hadde vore kjekt om det kunne blitt ein tradisjon som det er mange andre stader i landet. Vi valde difor å sparka i gang, seier Helene Holmefjord Ådland.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ei sak som er viktig for oss

For ei god veke sidan var elevane ute med bøsser for å samla inn pengar til Krafttak mot kreft. No ønskjer dei at revyen skal bli eit supplement til denne aksjonen.

– Dette er ei sak som er viktig for oss og vi har difor vald at overskotet frå revyen skal gå til Kreftforeningen og det viktige arbeidet dei gjer. Kreft bryr seg nemleg ikkje, men det gjer russen i Fusa, seier Holmefjord Ådland.

Stor jobb siste året på vidaregåande

Torsdag denne veka set dei opp to framsyningar i Eikelandsfjorden Samfunnshus. Den første går halv seks. Den andre klokka åtte.

– Vi er om lag 35 russ som skal opptre på scenen og har også nokre som skal hjelpa til med sminke og kostyme, lyd, lys og rigging, seier Holmefjord Ådland, og legg til at det har vore tidkrevjande å få til revyen.

– Det er ingen spøk å skriva, planleggja og øva på revy siste året på vidaregåande. Det er mykje skulearbeid og folk er generelt opptekne på fritida. Heldigvis har det ikkje vore noko og seia på motivasjonen og folk har stått på.

Garanterer god stemning og latter

– Kva kan publikum venta seg torsdag?

– Det handlar om Jakob som ikkje har peiling på kva han skal gjera etter vidaregåande. Publikum får bli med på ei reise som omhandlar sesjon, debatt, Eikelandsfjorden A-lag, gamleheim, gameshow og Tinder – i Jakob sitt søk etter lukke og kva han skal finna på, seier Holmefjord Ådland som vil oppmoda både folk i og utanfor Fusa om å ta turen.

– Det blir ein kjekk kveld med mange flinke folk på scenen. Vi lover latter, show og god stemning. Det er ikkje råd å kjøpa billett i døra. Det må ein gjera på nett.