Nyhende

Eitt fjell ifrå å fullføra Seven summits

Eitt fjell ifrå å fullføra Seven summits

Torkjel Hurtig (27) nådde toppen av Mount Everest 16. mai i år, som Norges yngste. No er han på tur igjen. Denne gangen er det to toppar han skal på, Pik Korszhenevskaya (7105m) og Pik Kommunizma (7495m) i Tadsjikistan.

Då Torkjel var yngre gjekk han mykje på fjellturar på Bømlo då han vitja besteforeldra. Men interessa for toppturar spissa seg etter ein lunsj med eventyraren Lars Ebbesen, onkel til ein kamerat av Hurtig.

Lunsjen med han gav stor inspirasjon og resulterte i ein envegsbillett til Nepal hausten 2014 og to månadars opphald i Himalaya-fjella.

Yngste nordmann på Mount Everest!

Seven Summits

Toppane han skal opp på no vert som ei oppvarming til den planlagde turen til Mount Vinson Massif i desember. Vinson Massif er det høgaste fjellet i Antarktis, på 4892 moh.

Klarar han den turen når han målet sitt om å fullføra Seven Summits. Som Norges yngste, enno ein gang.

Det var klatraren Richard Bass som lanserte ideen om utfordringa The seven summits på 1980-talet. Dette er samlenemninga på dei høgaste fjella på sju kontinent.

Sidan 80-talet har omtrent 350 personar fullført Seven Summits, og berre åtte av desse er nordmenn. Cecilie Skog og Randi Skaug er blant desse.

– No skal me prøva oss på to fjell i Pamirfjella midt i Tadsjikistan, opplyser Hurtig på Facebook.

Han er på tur i lag med kompisane Andreas Ebbesen og Nicolai Julsvoll.

Førebuing

Gutta på tur: Andreas Ebbesen, Torkjel Hurtig og Nicolai Julsvoll.

 Ut, ut, ut

Hurtig har utdanna seg innan indutriell økonomi og teknologiledelse på NTNU i Trondheim, men undervegs i utdanninga endra han syn på kva han vil driva på med.

– No vil eg berre ut, ut ,ut, sa Torkjel i eit intervju med God Morgen Norge i juni.

Han meiner at beste året i livet var året han jobba som fallskjermjeger i Forsvaret. Han elska å vera ute i naturen og elska å vera aktiv.

I eit intervju med DN i 2016, sa rekordhaldaren dette:

– Å gå i høge fjell er fantastisk, og ikkje minst ei stor utfordring og ei tolmodprøve. På veg til Aconcagua budde eg 14 dagar åleine i telt, men ein trivest etter kvart godt i sitt eige selskap, og eg fann raskt ut at eg klarte å halde drivet og motivasjonen oppe sjølv om eg var åleine, sa Hurtig.

Turen på Mount Everest er noko av det verste han har opplevd, men likevel får han ikkje nok av kalde og høge fjell.

Fem veker

Turen han er på no planlegg han å bruka fem veker på. Men den starta litt uheldig. Det var nemleg ikkje like lett å få 200 kilo med bagasje frå Noreg til Tadsjikistan.

Gutane kom fram, men bagasjen blei att i Noreg. Men etter nokre dagar med venting kunne turen forsetja med alt naudsynt utstyr på plass.

– Eg er veldig klar for å sjå dei store Pamir-fjella. Der måla er å nå toppen av Pik Korszhenevskaya (7105m) og Pik Kommunizma (7495m) om vêret og forholda tillèt det, skriv Hurtig i ei melding på Facebook.

Rekord

Torkjel Hurtig på toppen av Mount Everest, 16. mai.

Siste oppdatering

18. juli hadde Hurtig, Andreas Ebbesen og Nicolai Julsvoll første rotasjons-tur mot Pik Korszhenevskaya. Dei gjekk frå Base camp på 4300 moh., og etter 8,5 timar nådde dei camp 1 på 5100 moh. Dei har sekkar på 30 kilo på ryggen og har mat og drikke for fem dagar. Turen dit var veldig tappande, men dei er fast bestemt på å gå vidare. Dei har slått opp telt i Camp 1 og vil vera der eit par dagar før dei går mot Camp 2 (5800 moh.).

Torkjel bekreftar at alle er ved god helse så langt. Dei som ønskjer å få med seg turen steg for steg, time for time, kan følgje med på GPS-sporinga til Torkjel over internett ved å trykke på denne linken.

https://share.garmin.com/pamir

Tidlegare har han gått opp desse fjella:

* Aconcagua 6962 moh. (Sør-Amerika)

* Elbrus 5642 moh. (Europa)

* Kilimanjaro 5895 moh. (Afrika)

* Kosciuszko 2228 moh.(Australia)

* Denali (tidlegare Mount McKinley) 6190 moh. (Nord-Amerika)

* Mount Everest 8848 moh. (Asia)

stine@bomlo-nytt.no