Eksmannen dømd til 17 års fengsel

Bergen tingrett har dømt eksmannen til 17 års fengsel for overlagt drap på Trude Brenna Aasen.

24. april i fjor vart Trude Brenna Aasen funnen drepen utanfor bustaden til eksmannen hennar i Åsen i Lysefjorden. Eksmannen vart kort tid seinare gripen utanfor lensmannskontoret i Os. 42-åringen har vedgått drapet. I førre veke starta rettssaka. og i dag kom dommen.

Der kjem det fram at eksmannen er dømt til 17 års fengsel for overlagt drap, i tråd med aktor Benedicte Høgseths påstand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han må også betala rundt 1,3 millioner kroner i erstatning og oppreisning til foreldra og dei to borna til Trude Brenna Aasen.

Spørsmålet ein har stilt seg gjennom heile rettsaka, er om drapet var planlagt eller ikkje, og i sluttprosedyren sin hevada statsadokat Benedikte Høgseth at møtet mellom dei tidlegare ektefellene den fatale søndagen var eit påskot for å kunna gjennomføra drapet, og at det viser at drapet var planlagd mange timar i førevegen.

Tingretten meiner det bevist at eksmannen planla og overveide drapet i fleire timar, og viser til at Aasen visste på førehand at han kunne bli sint og handla i affekt då ekskona skulle koma og at dette var ein situasjon han hadde førespegla seg.

Retten finn det skjerpande at han også var fullt klar over konsekvensane eit slikt drap ville få for borna, barnebarnet og foreldra til avdøde.

jostein@osogfusa.no