TNT fyller 35 år i år. 12. august får rockarane æra av å avlsutta årets Osfest.
TNT fyller 35 år i år. 12. august får rockarane æra av å avlsutta årets Osfest.

Eksplosivt på Osfest

I år er det 35 år sidan TNT vart starta. I august kjem rocakarne til Os.

TNT såg dagens lys i Trondheim i 1982. Same år gav hardrock-bandet ut sin første og einaste plate på norsk, det sjølvtitulerte albumet «TNT».

35 år seinare er bandet nok ein gang aktuelle med eit nytt album, og 12. august står Ronni Le Tekrø (gitar), Tony Harnell (vokal), Morten «Diesel» Dahl (trommer), Roger Gilton (tangenter) og Ove Husemoen (bass) på scena på Osfest.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har arbeidd i fleire år med å få TNT til Osfest. I år har vi lukkast. Konserten vert den einaste konserten med TNT i Bergen og omeign denne sommaren, opplyser festivalsjef Tor Egil Hylland i ei pressemelding.

10.000 lovers

2017 vert eit spennande år for hardrock-bandet. I tillegg til å vera i studio og spela inn ny musikk, er det 30 år sidan rockarane gav ut albumet «Tell No Tales» som dei vann Spellemannprisen for. Dette skal feirast.

– Tony Harnell er tilbake i storform, går det fram av pressemeldinga.

«Tell No Tales» gjekk til topps på hitlistene i Noreg, og låta «10.000 lovers» vart fort ein hit.

TNT har gjeve ut 12 album. Det førebels siste kom i 2010, og ber namnet «Engine»

– Bandet sin melodiske tilnærming til hardrocken vart fort lagt merke til, og det andre albumet deira, «Knights Of The New Thunder» frå 1984, vart lansert i utlandet også, heiter det i pressemeldinga.

TNT får æra av å avslutta årets Osfest. Bandet skal på scena etter Postgirobygget og Erik og Kriss på laurdagen.

– Med fulle hus på Rockefeller (Oslo), Union Scene (Drammen), Royal Garden (Trondheim) og Kongesalen Radisson SAS (Bergen) i januar 2017, ser det ut som publikum er veldig klare for eit gjenhør med eit av Noregs beste rockeband, seier Hylland.

Artikkelen held fram under annonsen.

TNT er den åttande artisten/bandet som er bekrefta til festivalen på Osøyro.

Programmet elles ser førebels slik ut:

Fredag 11. august

* Kream

* Unge Ferrari

* Jesper Jenset

* Julie Bergan

* Madcon

Artikkelen held fram under annonsen.

Laurdag 12. august

* Postgirobygget

* Erik og Kriss

* TNT

camilla.kvamme@osogfusa.no