Søndag er det open dag på Luranetunet. Os&FusaTV fekk ein sniktitt fredag.
Søndag er det open dag på Luranetunet. Os&FusaTV fekk ein sniktitt fredag.

Eldresenter med sommar heile året

Dei får berre ei årstid, men det er til gjengjeld den beste. I tropehagen på nye Luranetunet vert det sommar heile året.

– Heile nybygget er bygd rundt senterets «hjarte», som er den nye tropehagen. Det smarte med dette er at alle bebuarane i denne delen av senteret enten vil få utsikt mot sommaren i tropehagen, eller mot Bjørnafjorden og Osøyro utanfor i den verkelege verda, forklarar einingsleiar ved Luranetunet, Aud Winsents.

Etter byggjestoppen grunna funna av eldre kulturminne, har siste del av ferdigstillinga av den nye delen av Luranetunet med tropehage og tre nye avdelingar gått rimeleg raskt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så langt er dei faktisk komen at dei på søndag inviterer til open dag på anlegget.

– Me er i siste innspurten. I desse dagar heng me opp bilete, skrur opp fjernsynsapparat, lys og interiør, men på søndag skal me vera i mål. Då skal folk få sjå kor fint det blir her, seier Winsents.

Gedigen tropehage

Den nye delen omfattar altså tre nye avdelingar samt ein gedigen tropehage for rekreasjon, friluftsstemning, sanse-tid og ulike mindre arrangement.

Samla golvareal på det nye bygget er på kring 8.000 kvm. Sjølve tropehagen er på i overkant av 1.300 kvadratmeter.

I dei nye avdelingane er det 97 sengerom. 60 av desse blir sjukeheimsrom, medan 37 vert omsorgsbustader for demente.

Samlingsplass for familien

Nyleg avtroppa prosjektsjef i Os kommune, Tor Inge Døsen, er svært nøgd med resultatet. For han har tropehagen nærast blitt eit prestisje-prosjekt.

– Det var ikkje alle som skjønte at det kunne vera naudsynt å bruka over 20 millionar kronar på dette rommet, men eg trur dei fleste vil sjå verdien av det når dei no får sjå det i bruk i tida framover, seier Døsen.

Han skal sjå prosjektet vel i hamn før han går over i pensjonistanes rekkjer.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg blir glad når eg ser resultatet. Dette kan me vera stolte over. Her kan gamal og ung møtast, under hyggjelegare tilhøve enn ein normalt har på instutisjonar som dette. Tenk, her kan farfar og barnebarnet til og med bestilla seg ein tropisk saft-drink i den vesle baren me har fått laga til. Eg både håpar og trur at dette blir ein plass der familiar kan skapa gode minne, seier Døsen.