På fredag var Embla Helland (23) på plass i fleirbrukshallen i Fusa. Måndag starta ho i ny jobb som aktivitetskoordinator i hallen.
På fredag var Embla Helland (23) på plass i fleirbrukshallen i Fusa. Måndag starta ho i ny jobb som aktivitetskoordinator i hallen.

Embla (23) skal styra aktiviteten i hallen

Med ny hall på trappene er det oppretta ei ny stilling i Fusa kommune. Embla Helland (23) ser fram til å ta fatt på jobben som aktivitetskoordinator i hallen.

– Kva inneber det å vera aktivitetskoordinator?

– Det går ut på å aktivisera menneske som til dømes eldre og born og unge som ikkje driv med organisert idrett, og foreina folk i ulike aldrar. Få folk til å vera aktive saman og å skapa ein sosial møteplass som er midt i blinken for alle, fortel Helland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Aktivitetskoordinatoren kjem frå Åsane, men har no flytta til Fusa.

– Eg har familie i Fusa. Det var tanta mi, som bur her, som tipsa meg om den nye stillinga, seier Helland og legg til:

– Eg ser fram til å bu i Fusa, med flott natur og fjell. Det er litt mindre her enn der eg kjem frå, men det spelar ingen rolle.

Idrett og folkehelse

Måndag var Helland sin første dag på jobb. Då Os & Fusaposten snakka med ho fredag, var ho spent og gledde seg stort til å koma i gang.

– Eg er tilsett i ein 60 prosent stilling, men eg er førebudd på å gjera mykje utanom også. Det blir nok mykje planlegging i tida som kjem. Eg har nokre tankar om kva eg vil, og ser fram til å samarbeida med dei ulike einingane. Av erfaring veit eg at ein får betre resultat av godt samarbeid, seier ho.

Helland har teke eit årsstudium innan idrett og har ein bachelor i folkehelse.

– Eg har idrett og folkehelse som mine to store interesseområde. Eg er takksam for at eg får lov til å jobba med dette. Etter kvart som hallen opnar (01. januar 2019) vil jobben vi gjer vera målbar og eg ser fram til å sjå resultat av jobben som blir gjort, seier Helland og legg til:

– Eg har laga mange tankekart med mykje forskjellig og gler meg til å koma i gang.