For andre veke på rad vart ein person fråteke førarkortet etter å ha køyrt i 77 kilometer i timen i 50-sona ved Kloppamyra, like før du kjem til Irgens-krysset i Ulvenvegen.
For andre veke på rad vart ein person fråteke førarkortet etter å ha køyrt i 77 kilometer i timen i 50-sona ved Kloppamyra, like før du kjem til Irgens-krysset i Ulvenvegen.

Endå ein person mista lappen ved Kloppamyra

I førre veke sa politiet at dei var uroa for trafikktryggleiken ved den nye Spar-butikken på Kloppamyra. I går mista endå ein person førarkortet på staden.

Onsdag for ei veke sidan måtte eit barn rygga unna for ikkje å bli treft av ein bil i høg fart i «overgangsfeltet» ved den nye Spar-butikken på Kloppamyra.

Hendinga vart fanga opp av ein sivil politibil. Farten vart målt til 77 kilometer i timen i 50-sona, og føraren mista førarkortet på staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 15-tida tysdag gjennomførte politiet ei snittmåling på same stad. Også denne gongen vart ein bilførar målt til 77 kilometer i timen i 50-sona.

– Det var ein mann i 30-åra. Førarkortet hans vart inndrege, opplyser politiførstebetjent i Os og Austevoll lensmannsdistrikt, Rune Fimreite.

Per i dag finst det ikkje noko overgangsfelt ved butikken. Det er òg usikkert om og når det eventuelt kjem eit overgangsfelt på staden.

camilla.kvamme@osogfusa.no