Tysdag var det stor markering av at Ulvengen, som har vore stengt sidan hausten 2015, no er opna.
Tysdag var det stor markering av at Ulvengen, som har vore stengt sidan hausten 2015, no er opna.

Endeleg er Ulvenvegen opna

– Akkurat i dag er vi kanskje glade for at vi kan ha opning ein flott vårdag i mai, og ikkje ein kald vinterdag i desember, seier Sverre Ottesen.

Ottesen er prosjektleiar for E39-prosjektet i Statens vegvesen. Han, og fleire andre, var til stades for ei høgtidleg markering av at Ulvenvegen er opna etter å ha vore stengt sidan hausten 2015.

– Då gamlevegen blei stengt hausten 2015, for at vi skulle kunna gå i gang med å få tappa ned Svegatjørn og få sprengt ut Skogafjellstunellen, var planen å få opna vegen igjen i desember 2017. Det gjekk ikkje heilt – i hovudsak fordi den store, flotte muren her borte, blei langt større enn kva vi hadde tenkt og på grunn av den harde vinteren vi fekk i år, seier Ottessen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Open dag

Ordførar Marie Bruarøy fekk æra av å klippa snora for å markera at vegen no er open. Ottesen ønskte også å koma med ei statusoppdatering for arbeidet med E39-prosjektet.

– Arbeidet med E39-prosjektet går sin gang, og som det står på skilta nede på hovudvegen: Vi arbeider mot vegopning i 2022. Skogafjellstunellen var ferdig utsprengt for vel eitt år sidan og innreiingsarbeidet i denne er komen langt. I dagsonene her i Svegatjørn og i Endalausmarka går arbeidet sin gang, og vidare mot Bergen er snart 90 prosent av den 9,3 kilometer lange Lyshorntunnellen mellom Endalausmarka og Rådal utsprengt, seier Ottesen og legg til:

– For at alle interesserte osingar, og andre, skal få kunna sjå kor langt vi er på komne, vil det bli arrangert open dag på anlegget i samarbeid mellom Statens vegvesen og Veidekke søndag 10. juni. Då er det mogleg å få sjå kor langt vi er komne både i dagsonene og inne i tunellane. Nærare info om tidspunkt og frammøtestad kjem vi attende til.

Leiar for E39-prosjektet i Statens vegvesen, Sverre Ottesen heldt tale under opninga.
Leiar for E39-prosjektet i Statens vegvesen, Sverre Ottesen heldt tale under opninga.
Ordførar Marie Bruarøy var på plass for å seia nokre ord og for å klippa snora.
Ordførar Marie Bruarøy var på plass for å seia nokre ord og for å klippa snora.

Må stengja kryss

Sjølv om vegen offisielt er opna, er det eit par småting som står att før alle får køyra på nyevegen.

– Det vil bli opna for trafikk så snart vi har fått rydda opningsarrangementet av vegen og får avdekka skilt, fjerna sperringar og så vidare. Det vil skje ein gong etter klokka 16.30 i dag fortel Ottesen før han legg til:

– Det er slik at når vi no opnar Ulvenvegen, må vi i ein periode fram mot sommaren stengja krysset og påkøyringa mellom Kolskogheiane og Ulvenvegen for alle andre enn bussar og utrykkingskøyretøy. Dette for å kunna gjera ferdig ein mur og gang- og sykkelveg. Det trur vi skal gå veldig greitt.