annonse

Endeleg fekk Astrid S. vera spiker

Paparazzi-nekt
Paparazzi-nekt: Som ein ekte diva prøver ho å nekta fotografen å ta bilete, men vi snik oss til eit foto av Astrid Skåtun likevel. (Foto: Anne Marie Aarøen Vangsnes)
Jernkvinne:
Jernkvinne: Elin Sundvor gjekk rett frå finalen i bedrifts-volleyballcupen, til å vinna dameklassen i Strandvikløpet. (Foto: Anne Marie Aarøen Vangsnes)
Barnevogn:
Barnevogn: Born inga hindring. (Foto: Anne Marie Aarøen Vangsnes)
Rosa:
Rosa: Denne jenta gav alt, og meire til. (Foto: Anne Marie Aarøen Vangsnes)
Spurt:
Spurt: Stor prestisje i å vinna ein spurt. (Foto: Anne Marie Aarøen Vangsnes)
Sliten:
Sliten: Lukkeleg over å vera ferdig. (Foto: Anne Marie Aarøen Vangsnes)
Utabygds vinnar:
Utabygds vinnar: I år som i fjor var det ingenting å gjera med bergensaren Øyvind Macody Lund. Det er likevel formildande at familien har hytte på Skjørsand. (Foto: Anne Marie Aarøen Vangsnes)

– Endeleg kan eg kalla meg spiker, ler muntrasjonsråd Astrid Skåtun etter å ha fått jobben som speaker på Strandvik Open.

Få har det i kjeften som Astrid Skåtun, eller Astrid S. som ho likar å kalla seg. Sjølvsagt debuterte vinnesingen i speaker-rolla med glans.

Eller spiker med i, som ho heller vel å titulera seg som.

– Kva legg du vekt på når du kommenterer?

– Å få folk til å bruka pengar.  Og laga meir lyd. Dei ser så fine ut, men kunne godt ha heia litt meir på både volleyballspelarar og løparar. 

– Men det viktigaste er at publikum kosar, seier ho.

Hacka av Mikal Leigland

Etter det Astrid S. kjenner til, skal det ha vore andre som var ute etter speaker-jobben og som difor sytte for at lyden tidvis vart hakkete.

–  Eg mistenkjer Mikal Leigland for å ha hacka seg inn på mikrofonen min. Han har prøvd å muta meg før. Utan hell, heldigvis.

Dritmisunneleg!

Astrid overlet volleyballkommentering til sin langt yngre og kanskje meir idrettskyndige kollega Jonas Kvåle. Men idet løparane i det tre kilometer lange Strandvikløpet gjekk i mål, tok ho mikrofonen.

–  Heia heia! Hugs at alle vi som ser på er dritmisunnelege på dykk som er spreke nok til å springa.

Og då Strandvikløpets nemesis, bergensaren Øyvind Macody Lund, gjekk i mål som fyrstemann, kom fylgjande salve:

– Dessverre er han i like bra form som i fjor. Vi hadde håpa at han ikkje var fullt så sprek, men vi gratulerer han likevel.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut