Det var idyllisk vakkert i Mobergsvikjo laurdag kveld.
Det var idyllisk vakkert i Mobergsvikjo laurdag kveld.

Endeleg Sankthans på ein laurdag

Trass i lett regn og dårleg med varme var det mange som fann vegen til Sankthans-feiringa i Mobergsvikjo laurdag.

I Sverige legg dei midtsommarfesten til næraste fredag i perioden 19.-25. juni. I Noreg er me heldige når Sankthansaftan endeleg treffer på ein helgedag. Det gjorde dagen denne gongen, og i Mobergsvikjo i Os var det tydeleg å sjå. Målt mot tildegare år med regn og yr i lufta var det langt fleire som hadde funne vegen

Felles dag for midtsommar

Sankthans, jonsok, jonsmesse, jons vake eller johannesvake er ei kyrkjeleg høgtid til minne om då døparen Johannes, som vart fødd 24. juni. I Noreg feirar me dette med bål på Sankthansaftan, kvelden før, altså 23. juni. Difor er det altså berre unntaksvis at me er så heldige at me får feira vår form for midtsommarfest på ein helgedag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men i Mobergsvikjo vart det feira på fleire måter. I tillegg til Oseanas arrangement, hadde Os Litauske foreining samla over 20 medlemer. Dei feira dagen på si måte, men også på ein måte, i lag med osingane.

– Me synest det er kjempekjekt å vera her i Mobergsvikjo i lag med alle andre. Vår feiring bruker å vera bitte-litt anleis, men me har også ein del til felles med slik de gjer det her i Noreg, foralde Vaida og Violetta frå Litauen. Dei hadde begge pynta seg godt med blomekransar.

Sakna sperring

Borte ved bålet var det godt med born som stod med vidopne auge og stirra inn i flammehavet. Nokre vaksne som sat nær ved, var ikkje særleg imponert over tryggleiken kring bålet.

Gjengen i båltreet hadde fin utsikt.
Gjengen i båltreet hadde fin utsikt.
Fleire born vassa i fjæra. Felles for dei alle var at dei hadde regnty på.
Fleire born vassa i fjæra. Felles for dei alle var at dei hadde regnty på.
Nokon meinte at det burde vore sperringar rundt bålet.
Nokon meinte at det burde vore sperringar rundt bålet.
Familien Lia koste seg med piknik. Veslejenta Olava samla på steiner og hadde plukka seg ein fin samling.
Familien Lia koste seg med piknik. Veslejenta Olava samla på steiner og hadde plukka seg ein fin samling.
Litt regn stoppa ikkje borna frå å leika og kosa seg i Vikjo.
Litt regn stoppa ikkje borna frå å leika og kosa seg i Vikjo.
Fire fine jenter i Vikjo.
Fire fine jenter i Vikjo.
Daniel Andrè Pedersen kunne stolt konstatera at bålet som han laga i lag med gjegen i Livskvalitet Os såg ut til brenna godt.
Daniel Andrè Pedersen kunne stolt konstatera at bålet som han laga i lag med gjegen i Livskvalitet Os såg ut til brenna godt.
Trym Aragon Storøy-Knutsson var blant dei som fekk best teken på styltene.
Trym Aragon Storøy-Knutsson var blant dei som fekk best teken på styltene.
Vaida og Violetta frå Litauen hadde pynta seg flott opp for kvelden.
Vaida og Violetta frå Litauen hadde pynta seg flott opp for kvelden.

– Eg synest dei kunne hatt sperring rundt bålet slik at ikkje born sprang så nært, meinte ei kvinne.

Varabrannsjef Arne Monsen stod like ovanfor og meinte det så greitt ut.

– Me får lyta på at foreldra passar borna litt sjølv også, smilte Monsen.

Flott bål

I Mobergsvikjo hadde prosjektgruppa «Livskvalitet», med base på Vartun gjort jobben med å laga til bål, og medan Os Spelemannslag og Durspelsamskipnaden denne gong glimra med sitt fråvêr, tok «I siste liten med Bente B. og de», med Bente Borghild, Astrid Lofthus, Terje Moberg, Per Rød og Marit Bøe, jobben og sytte for stemningsfull musikk og sommarlege tonar til det tradisjonsrike programmet.