Endre Brenne er ein populær mann på Kuvnentræ. No får han ansvaret for flaggskipet Os A-lag.
Endre Brenne er ein populær mann på Kuvnentræ. No får han ansvaret for flaggskipet Os A-lag.

Endre Brenne blir ny A-lagstrenar på Kuventræ

Os Fotball lova å ha ny trenarkabal i starten av veka. Tysdag kveld vart det klart at Endre Brenne er mannen som tek over stafettpinnen etter Tim Henrik Sperrevik og Frode Steffensen.

Endre Brenne starta å jobbe administrativt i Os Fotball hausten 2014. Sommaren 2016 vart han dagleg leiar. Noko han har vore sidan. Brenne leier si første offisielle trening som hovudtrenar for Os A-lag 7. januar. Frå og med då  er han ikkje lenger dagleg leiar.

– Eg gler meg til å ta fatt på ei ny og stor oppgåve her på Kuventræ. Eg har trivst veldig godt som dagleg leiar, men har aldri lagt skjul på at eg har hatt ambisjoner om å bli trenar. Når eg no fekk sjansen, var eg ikkje i stuss i heile teke, seier 30-åringen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg til å vera hovudtrenar for A-laget, vil Endre framleis vera med på akademiet for elevar frå 7.-10. klasse, samt FFO-en. 

– Eg kjem også til å ha ein del med arrangement, turneringar og marknadsarbeid å gjera, fortel han.

Støtte i spelargruppa

Strandebarmingen har også vore ein del av laget i alle dei siste åra. No legg han skoa på hylla.

– Det føler eg er naturleg om eg skal løysa hovudtrenar-jobben på best tenkjeleg vis. Det er sjølvsagt litt vemodig, men om eg får abstinensar, får eg kanskje få nokre innhopp på Os 3 ut i sesongen, ler Endre.

Os Fotball ønskjer også å få inn ein person som kan vera assistentrenar og leiar for eit komande akademi for gutar og jenter frå 16 år og opp til A-lagsnivå. 

– Alt er ikkje på plass enno, men me håpar å ha heile kabalen på plass om ikkje så altfor lenge, seier Brenne.

– Kjenner du press med dette nye anvaret?

– Eg føler eg har støtte i spelargruppa og at eg har gode kunnskapar om fotball etter ei lang og innhaldsrik karriere. Spel i 3. og 2. divisjon her i Noreg, samt tre år i toppdivisjonen på Island har gjeve meg mykje og viktig erfaring, så eg føler meg kvalifisert. Når det er sagt, så er eg sjølvsagt spent og kjenner litt på det at eg sjølvsagt vil bli målt på resultat til ei kvar tid. Men det skal eg takla fint, seier 30-åringen.