Dei nye skjerpa krava, samt fjerning av nemnde unntak, gjer det særs vanskeleg for eldre folk å bu i grisgrendte strok, utan kollektivtilbod.
Dei nye skjerpa krava, samt fjerning av nemnde unntak, gjer det særs vanskeleg for eldre folk å bu i grisgrendte strok, utan kollektivtilbod.

Endring av førarkortforskrifta: - Med så omfattande konsekvensar bør helsekrava vurderast på nytt

Mange blir tvungne til å selja huset sitt og flytta nær ein busstopp, skriv Jan Gaassand (Sp) om dei nye krava til førarkort.

Statens Vegvesen har 7. mars sendt ut på høyring forslag til endring av krava til førarkort. Ei av endringane er at det generelle kravet til helseattest er foreslått endra frå 75 til 80 år. Men kva med dei over 80 år?

I okt. 2016 fekk me særs omfattande og strenge helsekrav til førarkort, og mange eldre vart fråtekne eller nekta fornying av førarkortet. Omtrent samstundes (31/12-2016) fjerna Samferdselsdepartementet moglegheita til å søkja om avgrensa førarkort t.d. innan ein kommune, ei vegstrekkja eller køyring i dagslys. (førarkortkode 05 – 05.08 samt 110). Dette var tidlegare eit tilbod til dei som ikkje oppnådde optimale resultat på alle helsekrava.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei nye skjerpa krava, samt fjerning av nemnde unntak, gjer det særs vanskeleg for eldre folk å bu i grisgrendte strok, utan kollektivtilbod. Mange blir tvungne til å selja huset sitt og flytta nær ein busstopp.

At ein i framtida skal busetja fleire nær ein kollektivtrase kan enkelte stader vera rett. Men samstundes må dei som allereie bur i grisgrendte strok få gjera det. Deira primære behov - post butikk, apotek, lege, kyrkje - var mogeleg å dekka med den tidlegare ordninga.

Med så omfattande konsekvensar bør helsekrava vurderast på nytt. Lat oss få tilbake førarkortkodane som vart fjerna i 2016.

Høyringsnotatet ligg på vegvesen.no/høyringar og alle kan skriva si meining. Svarfrist er 26. april.

Jan Gaassand

Sp