annonse

Etter å ha blitt tatt for promillekøyring, fortalde mannen at han hadde narkotika heime

: ( (Foto: Ilustrasjon)

Ein ung mann var tilsynelatande dønn ærleg med politiet etter å ha blåst raudt.

Benjamin Søgnen Olsen

Søndag ettermiddag stansa politiet ein bil på Byvegen i Os. Føraren, ein mann i starten av 20-åra, blåste raudt, og blei teken med til legevakta for blodprøver.

– Mannen høyrer ikkje heime i Os, men i Bergen. Han fortalde politiet at han hadde narkotika heime. Patruljen reiste til bustaden og fann mindre mengde narkotika. Mannen er sikta for forholdet, fortel politioverbetjent, Anne Lyssand.

To meldingar om same bil

Søndag fekk politiet to meldingar om same bil. Meldingane gjekk på at vedkomande køyrde for fort i Halhjemsområdet.

– Det er ikkje ofte vi får fleire meldingar om same bil. Det blei også sagt at det var nære på at dei blei påkøyrd. Vi har fått registreringsnummeret, men førebels har vi ikkje snakka med føraren, fortel Lyssand.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut