(
(

Etter å ha høyrd på høg musikk frå naboen i åtte timar, fekk kvinna nok

– Ho var frustrert over støynivået, som ho forklarte hadde blitt heldt gåande i åtte timar, fortel politioverbetjent, Anne Lyssand.

Laurdag kveld rett før klokka 22, tok ein som bur i nærleiken av Solstrand kontakt med politiet. Då var ho lei.

– Kvinna klaga på høg musikk frå naboen, som ho skal ha høyrd på i åtte timar. Ho fekk beskjed om at ho måtte ta kontakt om dei ikkje hadde roa seg til klokka 23.00. Det skal vera stilt mellom då og klokka 06.00. Vi har ikkje registrert fleire meldingar frå kvinna, så eg reknar med at det ordna seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvinner i slåstkamp

– Kan ein bråka så mykje ein vil før klokka 23?

– Nei. Det hender at patruljen køyrer ut og snakkar til folk. Ein bør tenkja seg litt om. Folk har jo ungar, og ein bør visa omsyn, seier Lyssand.

Natt til søndag skal to jenter ha barka saman i nærleiken av Peppes Pizza.

– Det skal totalt ha vore seks eller sju personar til stades. To kvinner skal ha barka saman. Då politiet kom til staden, var det roleg.

Seinare same natt kring klokka halv tre, skal politiet ha fått melding om ein hund i Hagavik-området, som heldt naboar vakne.

– Hunden skal ha klynka og bjeffa i fleire timar, så folk fekk ikkje sove. Då patruljen kom til staden, var det stilt. Det har i det heile vore ei helg med mange slike oppdrag, der vi har fått melding om noko, og når vi kjem til staden, har det ordna seg.