Politiet etterforskar eit tjuveri som fann stad på Esso-stasjonen fredag.
Politiet etterforskar eit tjuveri som fann stad på Esso-stasjonen fredag.

Etterforskar tjuveri frå Esso

Politiet gjer undersøkingar på bensinstasjonen etter at fleire gjenstandar vart stolne fredag.

Fredag vart Esso-stasjonen ute for tjuveri. Ein mann stal mellom anna ein jobbtelefon og nokre kioskvarer frå staden.

Laurdag var tre politibetjentar på staden for å gjera undersøkingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mann i 40-åra

På Twitter melde dei om at dei truleg har identifisert kven som står bak.

– Mistanken er retta mot ein mann i 40-åra, opplyser politiet etter å ha gått gjennom forklaring frå betjeninga og sett opptak frå videokamera. Enn så lenge har ikkje politiet fått kontakt med mistenkte.

ol@osogfusa.no