Det vart høgtideleg stemning då ordførar Terje Søviknes med hjelp av eit solid kobbel barnehageborn klippa snora og erklærte den nye barnehagen på Nore Neset for opna.
Det vart høgtideleg stemning då ordførar Terje Søviknes med hjelp av eit solid kobbel barnehageborn klippa snora og erklærte den nye barnehagen på Nore Neset for opna.

Etterlengta barnehageopning på Nore Neset

Ni år gjekk det frå tomta vart kjøpt til barnehagen stod ferdig og klar til bruk. Onsdag var det offisiell opning av Skorvane FUS barnehage på Nore Neset.

– Det er ein stor dag for oss tilsette og alle borna våre. Det er klart me har gledd oss til denne dagen, seier styrar Kristin Tellefsen til Os og Fusaposten.

Ho har nett sett ordførar Terje Søviknes og eit titals ivrige snorklippar-assistentar opna barnehagen offisielt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me starta jo her alt 1. august, men me er veldig glade for å få opna barnehagen skikkeleg og at me får høve til å takka alle som takkast bør, seier Tellefsen.

Frå 3 til 6 avdelingar

Det gjekk altså ni år frå Trygge Barnehager kjøpte tomta vis a vis Nore Neset Aktivitetshus, til barnehagen stod ferdig bygd og klar for opning. Ordførar Terje Søviknes, som var på sitt første "åleine-oppdrag" etter at Marie Bruarøy no er tilbake ved frisørstolen, minte om dette i si tale.

– Trygge barnehagar kjøpte tomta i 2009, men ettersom me nett hadde utvida barnehagekapasiteten i Os og etterspurnaden ikkje var så stor her i området, ba me dei venta med å byggja barnehagen til litt seinare. I dag er det behov og vel så det, så at denne barnehagen er kjærkomen er det ingen som tviler på, sa Søviknes.

Styrar Kristin Tellefsen var stolt då ho kunne ønskje folk velkomen til opninga av barnehagen på Nore Neset.
Styrar Kristin Tellefsen var stolt då ho kunne ønskje folk velkomen til opninga av barnehagen på Nore Neset.
Borna sat andaktig og følgde med då Nore Neset Skulemusikkorps spelte. Først litt seinare slapp borna seg laus og song og dansa med.
Borna sat andaktig og følgde med då Nore Neset Skulemusikkorps spelte. Først litt seinare slapp borna seg laus og song og dansa med.

Den nye barnehagen har seks avdelingar. Det er tre meir enn den gamle som låg på høgda vis a vis barneskulen.

– I dag er me 30 tilsette og har 104 born. Det er maks belegg nett no, seier Tellefsen.

Godt miljø

Etter eit par månadars drift kan styraren fortelja om eit supert arbeidsmiljø og flotte, kjekke born.

– Eg har inntrykk av at alle som er her trivst veldig godt. I lag med foreldra har me hatt den første kveldsmat-samlinga og me tilsette har alt hatt personalfest. Begge deler var veldig vellukka, smiler Tellefsen.

Etter at alle hadde fått sagt det dei ville, og Nore Neset Skulekorps blant anna hadde "fortald" historia om dei tre små fisk, takka Tellefsen fleire av dei frammøtte med flotte, fargerike blomar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blant dei ho takka mest var eigar av Trygge Barnehager, Eli Sævareid.

Sævareid kunne på si side takka Os kommune og samarbeidet med FUS barnehagar.

– Me har bygd over 400 barnehagar i Noreg. 31 av dei er FUS-barnehagar. I Os har me tre av dei. Me håpar at også denne blir ein sukses, sa Sævareid og takka for samarbeidet også med Os kommune.