I formannskapet i dag orienterte ordføraren om KKL_møte i samband med den forsvunne mannen.
I formannskapet i dag orienterte ordføraren om KKL_møte i samband med den forsvunne mannen.

Etterlyser fleire frivillige til å søkja etter forsvunnen mann

Det er noko av det ordførar Marie Bruarøy seier i kjølvatnet av møte i Kommunal kriseleiing i dag.

Klokka 15 i dag vart det sett kommunal kriseleiing. Ordførar Marie Bruarøy orienterte formannskapet om leiteaksjonen ut frå info i KKL.

– Politiet handterer redningsaksjonen med full styrke, og den pågår framleis. Kommunen bistår med mat og drikke til hjelpemannskap, og er også involvert med kriseteamet inn mot familien, sa Bruarøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ope for fleire frivillige

Ordføraren roste dei som har meldt seg som frivililge leitemannskap. I dag er det 16 personar som har leita etter mannen som forsvann i går. Ordføraren sa at det også er ope for fleire frivillige.

– Dersom fleire har lyst å vera med og hjelpa til, ber me folk om å registrera seg hjå Røde Kors i Kolskogen. Der sit også innsatsleiar frå politiet, sa Bruarøy. samlast i morgon gjennomgang status, korleis redningsaksjonen utviklar seg.