Det er svært mykje røyk i området. Brannsjef Stein Gjøsund tilrår bebuarar i området om å lukka alle vindauge i nokre timar fram.
Det er svært mykje røyk i området. Brannsjef Stein Gjøsund tilrår bebuarar i området om å lukka alle vindauge i nokre timar fram.

Evakuerer folk grunna enormt med røyk

Os brann og redningsteneste med hjelp av Fana har kontroll på brannen, men røyken i området er så farlig at folk blir evakuerte.

Kring klokka 03.15 kunne brannsjef i Os, Stein Gjøsund, melda om at storbrannen var under kontroll.

– Me har fått kontroll på flammane og dempa dei kraftig, men all brann er endå ikkje heilt sløkt, fortel Gjøsund.

Artikkelen held fram under annonsen.

I det underteikna prata med han gjekk han på runde til husa rundt brannstaden for å vekka folk og få dei flytta til eit hus der dei har laga mellombels base for evakuerte.

Totalt tre hus involvert

– Røyken i området er stygg og det er skadeleg for folk å vera i området no. Nett no evakuerar me bebuarar i fire-fem hus like ved. Til andre som bur i området og måtte lesa saka her på Os og Fusaposten tilrådar eg å lukka vindauge og dører eit par timar fram, seier Gjøsund.

Han kunne også fortelja at det korrekte talet på hus som har stått i lys lue er tre.

– Det er to rekkjehus og ein einebustad som har brent. Takk vere fullt brannlag her frå Os og bistand frå Fana har me no kontroll, meldar brannsjefen.