Denne sommaren har vore heilt eventyrleg for Anders Mol og Christian Sørum. Innsatsen vart krona med siger i World Tour Final i Hamburg.
Denne sommaren har vore heilt eventyrleg for Anders Mol og Christian Sørum. Innsatsen vart krona med siger i World Tour Final i Hamburg.

Eventyrleg avslutning på eventyrleg sommar

Suksessen vil ingen enda ta. Laurdag kveld sikra beachvolleyballduoen Anders Mol og Christian Sørum seg sigeren i verdsseriefinalen i Hamburg då dei banka den polske duoen Michal Bryl og Grzegorz Fijalek.

– Eg er heilt mållaus – eller Mollaus som nokre av Os & Fusaposten sine lesarar har påpeika – sa TV2-kommentator Henrik Roppen då sigeren var eit faktum.

Mol og Sørum slo Bryl og Fijalek 2–0 i finalen, og kan dermed ta med seg nesten 1,3 millionar kroner (150.000 dollar) i premiepengar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg anar ikkje kva vi skal gjera med pengane, sa Anders Mol i eit intervju med arrarngøren like etter at den norske duoen kunne gle seg over endå ein solid siger denne sommaren.

– Dei siste månadane har vore heilt ”crazy”. Det er godt å få betalt for all den harde jobbinga vi har lagt ned, la Mol til.

Med sigeren i kveld tok Mol og Sørum sin fjerde strake turneringssiger. Før verdsseriefinalen i Hamburg har dei vunne to Major-turneringar samt EM.

Gler seg til neste sesong

I World Tour Final kom dei seg gjennom gruppespelet med berre eitt tap, og vann dermed pulja si.

Til arrangøren fortalte Sørum at dei gler seg alt til neste sesong, og at det er mykje som kan forbetrast med spelet deira.

– Vi skal jobba hardt i månadane som kjem og førebu oss godt til neste sesong, lova sandvolleyballstjerna.