Det er mange ulike sokkar i Os & Fusaposten sitt lokale i dag.
Det er mange ulike sokkar i Os & Fusaposten sitt lokale i dag.

Få sjå på sokkane dine! #rockesokk

Torsdag 21. mars er den internasjonale dagen for Downs syndrom. Alle blir oppmoda til å gå med to ulike sokkar for å visa at ein set pris på mangfald og at vi alle er ulike.

Er du ein av dei som har to ulike sokkar på i dag torsdag 21. mars, og viser omtanke frå topp til tå? Send oss gjerne bilete og vis omtanke i kommentarfeltet til denne saka på Facebook-sida vår.

Markert med #rockesokk

Bodskapet for dagen i dag er enkel: Ein blir oppmoda til å gå med to ulike sokkar for å visa at ein set pris på mangfald og at alle er ulike. Alle menneske har same verdi heilt uavhengig av eigenskapar og diagnosar. Den første internasjonale Downs syndrom-dagen blei markert 21. mars i 2006. Datoen kjem av kromosompar 21. Downs syndrom blir nemleg forårsaka av ei endring i arvestoffet i cellene, slik at born blir fødd med eit heilt eller delar av eit ekstra kromosom 21.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Verdsdagen blir brukt til å spreia kunnskap om Downs syndrom og til å løfta fram betydninga av at tidleg innsats styrkjar helse – og livskvalitet. Konseptet har tidlegare vore arrangert i USA og Sverige, med svært god oppslutnad, og dei seinare åra har ein også markert det i Noreg med #rockesokk, heiter det på menneskeverd.no.

Drøymer om eit meir inkluderande samfunn

Maria Selbekk i Menneskeverd seier at dei drøymer om eit varmare og meir inkluderande samfunn både for menneske med Downs syndrom og alle andre.

– Ved å kle seg i ulike sokkar denne dagen, er ein med på å markera at ein set pris på at vi alle er ulike, seier informasjonsansvarleg Selbekk.