Både små og store born koste seg på Osøyro då startskotet for advent gjekk (litt på føreskot) fredag ettermiddag.
Både små og store born koste seg på Osøyro då startskotet for advent gjekk (litt på føreskot) fredag ettermiddag.

Fakkelfredag blei folkefest

– Eg ser me har bygt eit for lite torg, sa fakkelfredag-general William Lindborg til ein endelaus skare osingar som kom i julestemning med song, juletregang og jamvel eit lite snødryss.

Det tok så smått til borte ved Oseana kl. 17.30 med gløgg og pepperkaker for dei som skulle gå i toget. Dei 300 faklane vart raskt delt ut, og det var om lag tre personar per fakkel. Ein god del menneske venta også på torget, så kanskje rundt 1.000 osingar hadde funne vegen til Osøyro fredag.

– Eg må seia at eg litt overvelda no. Dette var langt fleire menneske enn eg hadde forventa, sa Lindborg.

Artikkelen held fram under annonsen.

For sentrumsleiaren var det første gong på Osøyro med fakkelfredag, men han leidde forsamlinga trygt gjennom det tradisjonelle programmet. Fonos song «Gloria in excelsis deo» frå taket av Havnechefen, og deretter talde heile folkemassen ned frå 10 til 0 for tenning av julegrana. Som om det ikkje var nok julestemning, dalte det jamvel nokre snøfnugg ned frå himmelen.

Godteri-bonanza

Folkemassen gjorde så eit forsøk på å gå rundt juletreet til akkompagnement av Så går vi rundt om en enerberbusk. Siste punkt på programmet var at julenissen gjorde entrè, og han hadde med seg mange hjelparar. Dei møtte eit stormløp av ungar med smil og godteri, og sistnemnde vart det dessverre fort slutt på. Men alt av godteri og mandariner som var å oppdriva i nærleiken vart delt ut til dei siste godtesjuke, før forsamlinga braut opp. Ein ting er i alle fall sikkert: Fakkelfredag er meir populært enn nokon gong.

ol@osogfusa.no

Faklane viste vegen i mørket fram til Osøyro.
Faklane viste vegen i mørket fram til Osøyro.
Sjølvaste sankt Nikolas (spelt av Arne Skogedal) kom til Osøyro, men hadde nok ikkje venta seg fullt så mange born.
Sjølvaste sankt Nikolas (spelt av Arne Skogedal) kom til Osøyro, men hadde nok ikkje venta seg fullt så mange born.
Øystein Lid
Øystein Lid
Koret song vakkert frå taket av Havnechefen.
Koret song vakkert frå taket av Havnechefen.
Øystein Lid
Øystein Lid
Øystein Lid
Øystein Lid
Øystein Lid
Øystein Lid
Øystein Lid
Øystein Lid
Øystein Lid
Øystein Lid
Øystein Lid
Øystein Lid
Øystein Lid
Øystein Lid
Øystein Lid
Øystein Lid
Øystein Lid
Øystein Lid
Øystein Lid
Øystein Lid