To bitar ned i lasagnen oppdaga tipsaren den ubedne gjesten.
To bitar ned i lasagnen oppdaga tipsaren den ubedne gjesten.

Fann kakerlakk i lasagnen

Ein kunde fekk ei ubehageleg overrasking då ferdig-lasagnen skulle inntakast til lunsj i går.

To bitar ned i lasagnen oppdaga tipsaren den ubedne gjesten. Lasagnen, som var kjøpt i varmdisken til Joker på Os, inneheldt meir enn det ein standard lasagne bør og skal innhalda. Mellom osten og pastaen låg det nemleg ein død kakerlakk.

- Då måtte eg ein liten tur på toalettet og brekka meg, vedgår den uheldige kjøparen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han ynskjer ikkje å klandra Joker-butikken og er klar over at dei får varmmaten levert av selskapet MatBørsen AS. Men ei ubehageleg oppleving var det.

- Skal ikkje skje

Hege Krogsrud, dagleg leiar ved Joker Os, beklagar det som har skjedd.

- Dette skal ikke skje. Det er første gong vi opplever noko slikt. Vi har i alle fall ikkje fått tilbakemeldingar om kakerlakkar i maten tidlegare, seier Krogsrud.

Ho stadfestar at dei får lasagnen levert frå Matbørsen.

- Det er halvfabrikat som vi varmar opp. Vi har interne kontrollar, og i sommar var Anticimex her og gav oss grøn merking. Vi fekk dessuten skryt for reinhaldet, legg Krogsrud til.

Ho seier at kunden som opplevde dette, sjølvsagt kan koma innom og få pengane attende.

Resten av lasagnen som låg på kjølen er kasta.

Tek saka på største alvor

Informasjonsansvarleg for Joker sentralt, Hanne Evensen, seier dei følgjer opp og tek saka på største alvor.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi skal sjølvsagt ikkje ha det slik i våre butikkar. Det er vanskeleg å seia akkurat korleis dette kan ha skjedd, men vi skal gå gjennom rutinane våre, forsikrar Evensen.

Ho er samstundes glad for at dei har klart å koma i kontakt med kunden, for å beklaga og retta opp i dette snarast råd.

Har iverksett tiltak

Admininstrerande direktør i MatBørsen AS, Dag Freddy Henriksen, fortel at saka er under utgreiing hos dei.

- Først vil vi beklaga overfor kunden. Med bakgrunn i vårt svært omfattande kvalitetssystem blei fleire tiltak iverksett i går, kommenterer Henriksen.

Han fortel at produkta dei leverer blir opna, varma og sett fram for sal i varmeskap hos selskapets kundar.

- Derfor starta vi først og fremst med sjekk og sporing i eigne lokale då vi ikkje har kontroll på produkta etter desse er opna hos våre kundar. Vi er overbevist om at våre lokale er reine for skadedyr og innsekt og har vidare starta sporing tilbake til våre råvaleverandørar av pasta, tomatar, kjøt og ost.

Henriksen seier dei vil forsøkja å få på plass årsaksforhold så fort som råd.

- Vår kvalitetsavdeling er også i løpande kontakt med butikken som selde produktet og forbrukar, som vi igjen beklagar overfor og som vi vil godtgjera for hendinga, same kvar vi finn årsakssamanhengen.

Artikkelen held fram under annonsen.

jostein@osogfusa.no