I 21-tida onsdag trefte politiet ein mann og ei kvinne i starten av 20-åra i Os sentrum og ransakea dei etter mistanke om narkotika-bruk.
I 21-tida onsdag trefte politiet ein mann og ei kvinne i starten av 20-åra i Os sentrum og ransakea dei etter mistanke om narkotika-bruk.

Fann kvitt pulver hos mann som framstod som rusa

I 19-tida onsdag oppsøkte politiet ei adresse i Os, der dei fann ein mann i 30-åra som framstod som rusa.

– Vi ransaka bustaden og fann mindre mengde kvitt pulver. Mannen er meldt for bruk og besittelse, seier politiførstebetjent, Audun Hadler-Olsen.

Litt seinare same kveld, i 21-tida, trefte politiet ein mann og ei kvinne i starten av 20-åra i Os sentrum.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Politiet mistenkte narkotika-bruk, og ransaka dei to. Begge hadde hasj på seg. Dei to er også meldt for bruk og besittelse, seier Hadler-Olsen.

– Fekk de tips om desse to?

– Nei, det var patruljen som trefte på dei. Politiet les situasjonen, og nyttar erfaringa til å finna ut kva dette kan vera for noko.