(
(

Fann “merking” utanfor huset

Ei kvinne i Søre Fusa kontakta politiet då ho fann ein lapp med eit nummer på utanfor huset sitt.

– Vi fekk melding seint onsdag kveld, fortel politibetjent Kjartan Svendsen og held fram:

– Ei kvinne hadde funne ei merking utanfor huset. Det var ein lapp med eit nummer på. Ho fortalde at ho hadde sett på TV at dette var ein måte kriminelle nytta for å finna ut om folk er heime.

Artikkelen held fram under annonsen.

I desse ferietider er det greitt å vera ekstra merksame.

– Om ein skal reisa bort, er det ikkje lurt å leggja ut meldingar om det i sosiale medium. Eg vil også oppmoda folk til å alliera seg med naboen om ein skal bort. Dei som er heime og veit at naboen er borte, bør også halda eit auge med naboen sitt, seier Svendsen.

Førarkortbeslag

Vidare fortel Svendsen at Utrykningspolitiet har gjennomført fartskontrollar i Rolvsvåg.

– Dei har målt gjennomsnittsfart. Det har resultert i to førarkortbeslag og fire bilistar er bøtelagt, fortel Svendsen.