Fleire berusa personar har fått tilsnakk frå politiet i Os sentrum i løpet av helga.
Fleire berusa personar har fått tilsnakk frå politiet i Os sentrum i løpet av helga.

Fann mindre mengd narkotika på taket til Havnechefen

Om funnet kan knyttast til dei to personane som prøvde å gøyma seg på taket av restauranten i Os sentrum natt til søndag, kan politiet førebels ikkje stadfesta.

Klokka 03.26 natt til søndag måtte politiet visa bort to personar som hadde teke seg opp på taket av Havnechefen i Os sentrum.

– Den eine personen kom ned med ein gong politiet ba han om det. Den andre prøvde å gøyma seg, men vart fort funne. Begge fekk pålegg om å forlata Os sentrum, noko dei gjorde, seier fungerande overbetjent ved Os lensmannskontor, Thomas Juulseth.

Artikkelen held fram under annonsen.

Søndag ettermiddag fekk politiet melding om at det var funne ei mindre mengd narkotika på taket av Havnechefen. Om funnet har samanheng med dei ubedne gjestene natta før, kan politiet førebels ikkje stadfesta.

Sov på bakken

Elles fortel politiet om ei berusa kvinne som måtte visast bort frå Os sentrum natt til laurdag, ein bilførar som vart stogga etter å ha teke «snarvegen» gjennnom busshaldeplassen, og som dessutan ikkje hadde med seg førarkort, laurdag klokka 05.12, og ein berusa person som hadde lagt seg til å sova på bakken på busshaldeplassen like før klokka 6.

– Personen vart vekka. Han var i stand til å ta vare på seg sjølv, og skulle ta bussen vidare kort tid etterpå, opplyser Juulseth.

Vidare vart det meldt om promillekøyring i Hegglandsdalen og røyk frå Strøneosen laurdag ettermiddag.

– Det viste seg å vera eit hagebål. Bålet vart sløkt av brannvesenet.

Høg musikk og høge stemmer

Natt til søndag vart festdeltakarar i Strønevegen bedne om å dempa seg.

– Det var høg musikk, høge stemmar, skriking og hoing. Politiet fekk meldinga like over midnatt og ba dei ansvarlege om å dempa seg, fortel overbetjenten.

Det siste døgeret har ifølgje politiet vore svært roleg. Ei av få meldingar søndag kom like før klokka 15. Då fekk politiet beskjed om at det var tre personar som gjekk midt i vegbanen i Hegglandsdalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

camilla.kvamme@osogfusa.no