Etter fleire år med leiting, fann Dianna og Lyle Knuston slektningane sine i Os.
Etter fleire år med leiting, fann Dianna og Lyle Knuston slektningane sine i Os.

Fann slektningane ved hjelp av Os og Fusaposten sine lesarar

No har Lyle og Dianna Knutson frå Iowa, USA, funne slekta si i Os.

Då Os og Fuaposten skreiv om paret sitt ynske om å koma i kontakt med slektningar på Os, var det mange som ville hjelpa, og delte innlegget på Facebook.

Dianna skriv på epost til Os og Fusaposten at Nina Karlsen, som er biblotekar i Bergen, tok kontakt med dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ho hadde lese om oss på Facebook, og har slektsforsking som hobby. Ho hadde spennenade nyheiter til oss. Noko av informasjonen hadde vi frå før, men ho sende oss informasjon om slektningar som bur på Os, skriv Dianna.

Jorunn Moberg, som er ein av slektningane, fekk også med seg saka i lokalavisa.

- Det kan virka som om Annanias var bror til far min sin bestefar, Engjel, skreiv ho på Os og Fusaposten si Facebookside.

Kontakt mellom slekta på Os og i USA har no blitt formidla av avisa.

- No får vi samla slekta til sommaren når dei kjem på besøk, seier Jorunn,

post@osogfusa.no